Prøveforelesing og dr. disputas 13.03.2013 – Ståle Walderhaug
Sivilingeniør i telematikk Ståle Walderhaug held prøveforelesing og vil offentleg forsvare si Ph.D.-avhandling onsdag 13. mars 2013.
Prøveforelesing:
Sivilingeniør i telematikk Ståle Walderhaug held prøveforelesing om oppgjeve tema for Ph.D.-graden i realfag, studieretning informatikk, onsdag 13. mars 2013 kl 10:00.
Tittel: " Security Engineering - Managing security in the large "
Prøveforelesinga finn stad i Aud 5 på MH-bygget.
Disputas - Ph.D.-graden:
Sivilingeniør i telematikk Ståle Walderhaug vil offentleg forsvare Ph.D.- avhandlinga:
" Model-Driven Software Development for Continuity of Care Information Systems – Toolchain design and evaluation "
onsdag 13. mars 2012 kl 13:00. Disputasen finn stad i Aud 5 på MH-bygget.
Som bedømingskomité for disputasen er følgjande oppnevnt:
- Professor Dr. Ruth Breu, Institute of Computer Science ved University of Innsbruck (1. opponent)
- Professor Birger Møller-Pedersen, Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo (2. opponent)
- Associate professor Lars Ailo A. Bongo, Institutt for informatikk, Universitetet i Tromsø (komitèleiar)
Disputasen vert leia av prodekan for forskning og utvikling Fred Godtliebsen, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Universitetet i Tromsø.



