Ericka Engelstad æresdoktor i Göteborg
Professor i arkeologi, Ericka Engelstad, vart nyleg utnemnd til æresdoktor i Göteborg.
![]() |
| Ericka Engelstad er no æresdoktor både i Uppsala og Gøteborg. Foto: Torbein Kvil Gamst |
Det er Engelstad sitt andre æresdoktorat - i 2006 vart ho æresdoktor i Uppsala. Kva har ho gjort for svenskane, sidan ho er så populær der?
- Eg veit ikkje heilt, ler ho.
- Men eg har vore mykje i utlandet når eg har hatt forskingstermin, og sist eg var i Göteborg sette eg saman med to andre forskarar i gang ei seminarrekkje om forhold mellom dyr og menneske, som no har gått inn i den ordinære undervisinga.
- Eg meiner at ein skal og må ha kontakt med andre, når ein har forskingstermin. Ein reiser jo gjerne ut for å lære noko nytt, og då må ein ikkje sitja innestengd på eit kontor heile tida, seier Engelstad.
- Sjølv om eg har jobba mykje med nordnorsk arkeologi er ikkje det noko problem å ta med seg ut i verda til andre forskingsmiljø - me har alle våre spesialområde. Utfordringa er i fellesskap å gå til eit materiale å stille nye spørsmål, stille andre sørsmål og tenkje annleis.
Kjønnsforsking
Og det har Ericka Engelstad gjort. I grunngjevinga for utnemninga har Göteborgs universitet lagt vekt på at ho har vore ein pioner internasjonalt i det å bringe inn kjønnsperspektivet i arkeologisk forsking.
- Svenskane har vore mykje meir eksplisitte og sterke på kjønns- og feministisk forsking.
![]() |
| Ericka Engelstad er æresdoktor ved Humanistiska fakulteten. Til høgre: Patrik Hadenius og Daniel Sjölin. Foto: Göteborgs universitet |
- Så eg er veldig stolt over grunnen til at dei ønskte å heidre meg, smiler ho.
Engelstad var sentral i arbeidet med tidsskiftet KAN - Kvinner i arkeologi i Norge - og ho sit i styret for The European Association of Archaeologists (EAA), der dei har ei undergruppe, Archaeology and Gender in Europe (AGE), som årleg har sesjonar om arkeologi og kjønn.
Engelstads spesialfelst er jeger-samlarsamfunn, noko ho meiner er eit godt utgansgpunkt for kjønnsforsking.
- Jeger-samlarsamfunn gjev meg motstand som felt. Jegeren har vore den viktige å studere, men hans kvinner og barn mest ikkje eksisterer. Problemet er at då får ein ikkje tak i heilskapen i desse samfunna - og eg trur at eit kritisk-feministisk perspektiv har vore viktig for å sjå dette.
- Framleis opplever eg at det er motstand mot slike perspektiv, men for meg og mitt arbeid har det vore viktig - det har gjeve meg mykje. Og eg trur kjønnsperspektivet er eit teoretisk, metodisk og innhaldsrikt perspektiv i dei fleste fag, seier ho.
På UiT sidan 1991
Ericka Engelstad kjenner seg som tromsøværing, men er opprinneleg amerikanar og har utdanninga si frå USA - doktorgraden frå University of Wisconsin, Madison. Ho har vore tilsett ved Universitetet i Tromsø sidan 1991, etter å først ha vore ved Tromsø Museum i 10 år.
- Eg har fått vore med på mange spennande prosjekt opp gjennom åra.
- Og i fjor sommar var eg på feltarbeid på Finnmarksvidda - som eg var den første gongen eg gjorde feltarbeid i nord, i samband med Alta-Kautokeino-utbygginga. Då vart me floge inn og sleppt av på Iesjavre - og var der i fire veker langt frå folk. Sjølv om det var litt lettare tilgjengeleg no, føltes det bra å vera tilbake!





