Barn i slektsfosterheim er ein del av familien
Dei fleste ungar som blir plasserte tidleg og veks opp i slektsfosterheimar oppfattar desse heimane som familie.
Laget av utplasseringselev Nikolai Sæther
![]() |
| Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com |
Sosiolog og forsker Renee Thørnblad ved Regionalt kunnskapssenter for barn og ungdom (RKBU Nord) fortel at ungar i slektsfosterheimar i liten grad ser på seg sjølve som fosterungar.
– Men slektsfosterheimane er i endring, seier ho til uit.no.
Thørnblad disputerer denne veka på doktoravhandlinga si "Slektsfosterhjem - offentlig tiltak i private hjem". Der ser ho både på erfaringar frå ungar som veks opp i slektsfosterheimar, og korleis desse heimane er vorte offentlege barnevernstiltak.
Les også: Blod tykkere enn vannStabile heimar
– Nemninga 'slektsfosterheim' viser til ungar under offentleg omsorg som veks opp hos slekt eller i familiære nettverk. Veldig ofte er det tale om besteforeldre, eller rettare sagt bestemor, eller søstrer og tanter. Kjønnsvariabelen blir veldig tydeleg i slike fosterheimar - fedrene er mykje godt fråverande, fortel Thørnblad.
– Slektsfosterheimar er stabile heimar - minst like stabile som andre fosterheimar. Ungane som veks opp der omtalar og ser i stor grad på heimen som sin familie, seier Thørnblad.
Les heile artikkelen på nyhetssida til UiT: Barn i slektsfosterheim er ein del av familien



