Ny bok om norsk-russiske diplomatiske relasjonar gjennom 200 år
Den nye antologien frå forskingsprosjektet "Det asymmetriske naboskap. Norge og Russland 1814-2014" tek for seg dei diplomatiske relasjonane mellom småstaten Noreg og den russiske stormakta gjennom dei siste 200 åra. Forsiktig tilpassing er ein dekkande karakteristikk, seier ein av redaktørane.
![]() |
| Kari Myklebost og Stian Bones er redaktørar for antologien. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Tittelen på boka er Caution and Compliance. Norwegian-Russian Diplomatic Relations 1814–2014, og ho er den første store engelskspråklege publikasjonen frå forskingsprosjektet. Saman med seg har Stian Bones historikar Kari Myklebost som medredaktør.
Nasjonale og regionale perspektiv
Bidraga i antologien kjem elles frå andre norske og russiske historikarar. Artiklane omhandlar enkeltbiografiar om internasjonalt kjente figurar som Anatolij Krupenskij og Aleksandra Kollontaj, to av dei første russiske diplomatiske representantane i Noreg etter 1905, og dei norske Arbeidarparti-politikarane og diplomatane Johan Jørgen Holst og Thorvald Stoltenberg.
Men også tematiske felt blir berørte, og boka inneheld nasjonale perspektiv så vel som regionale perspektiv knytta til landas nordlege område. I nord har Noreg og Russland stått overfor saker av felles interesse, men også ei rekkje konfliktspørsmål, ikkje minst knytta til handel, fiskeri, folkerett og utnytting av naturressursane langs den norsk-russiske grensa.
![]() |
| Foto: Orkana |
Forsiktig tilpassing
Dei diplomatiske relasjonene mellom Russland og Noreg gjennom 1800- og 1900-talet har vore kjenneteikna av ei viss varsomheit, noko som ikkje minst må tilskrivast dei eksisterande trusselbileta og ein sterk gjensidig vilje til å unngå konfliktar.
På den andre sida fremstår venlegheit og velvilje som hovudelement i det diplomatiske samkvemet mellom dei to landa, noko som har borga for stabilitet og fredelege relasjonar gjennom både tsar-perioden, Sovjet-perioden og den postsovjetiske fasen, heiter det i omtalen av boka.
Tobandsverk i 2014
Tidlegare har "Det asymmteriske naboskap" gjeve ut konferanserapporten Norway and Russia in the Arctic, og i 2014 kjem det store tobandsverket frå forskingsprosjektetet. Caution and Compliance. Norwegian-Russian Diplomatic Relations 1814–2014 er gjeve ut på Orkana Akademisk.
.jpg)




