"Det asymmetriske naboskap. Norge og Russland 1814-2014" tek for seg dei diplomatiske relasjonane mellom småstaten Noreg og den russiske stormakta gjennom dei siste 200 åra. Forsiktig tilpassing er ein dekkande karakteristikk, seier ein av redaktørane." /> "Det asymmetriske naboskap. Norge og Russland 1814-2014" tek for seg dei diplomatiske relasjonane mellom småstaten Noreg og den russiske stormakta gjennom dei siste 200 åra. Forsiktig tilpassing er ein dekkande karakteristikk, seier ein av redaktørane." />

Ny bok om norsk-russiske diplomatiske relasjonar gjennom 200 år

Den nye antologien frå forskingsprosjektet "Det asymmetriske naboskap. Norge og Russland 1814-2014" tek for seg dei diplomatiske relasjonane mellom småstaten Noreg og den russiske stormakta gjennom dei siste 200 åra. Forsiktig tilpassing er ein dekkande karakteristikk, seier ein av redaktørane.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.04.12 00:00 Oppdatert: 11.04.12 08:23

Kari Myklebost og Stian Bones er redaktørar for
antologien. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Tittelen på boka er Caution and Compliance. Norwegian-Russian Diplomatic Relations 1814–2014, og ho er den første store engelskspråklege publikasjonen frå forskingsprosjektet. Saman med seg har Stian Bones historikar Kari Myklebost som medredaktør.

Nasjonale og regionale perspektiv 

Bidraga i antologien kjem elles frå andre norske og russiske historikarar. Artiklane omhandlar enkeltbiografiar om internasjonalt kjente figurar som Anatolij Krupenskij og Aleksandra Kollontaj, to av dei første russiske diplomatiske representantane i Noreg etter 1905, og dei norske Arbeidarparti-politikarane og diplomatane Johan Jørgen Holst og Thorvald Stoltenberg.

Men også tematiske felt blir berørte, og boka inneheld nasjonale perspektiv så vel som regionale perspektiv knytta til landas nordlege område. I nord har Noreg og Russland stått overfor saker av felles interesse, men også ei rekkje konfliktspørsmål, ikkje minst knytta til handel, fiskeri, folkerett og utnytting av naturressursane langs den norsk-russiske grensa.

Foto: Orkana

Forsiktig tilpassing

Dei diplomatiske relasjonene mellom Russland og Noreg gjennom 1800- og 1900-talet har vore kjenneteikna av ei viss varsomheit, noko som ikkje minst må tilskrivast dei eksisterande trusselbileta og ein sterk gjensidig vilje til å unngå konfliktar.

På den andre sida fremstår venlegheit og velvilje som hovudelement i det diplomatiske samkvemet mellom dei to landa, noko som har borga for stabilitet og fredelege relasjonar gjennom både tsar-perioden, Sovjet-perioden og den postsovjetiske fasen, heiter det i omtalen av boka.

Tobandsverk i 2014

Tidlegare har "Det asymmteriske naboskap" gjeve ut konferanserapporten Norway and Russia in the Arctic, og i 2014 kjem det store tobandsverket frå forskingsprosjektetet. Caution and Compliance. Norwegian-Russian Diplomatic Relations 1814–2014 er gjeve ut på Orkana Akademisk.

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.04.12 00:00 Oppdatert: 11.04.12 08:23
Vi anbefaler