Skapar rom for det samiske i akademia

Kikki Jernsletten disputerte nyleg på avhandlinga si om samisk litteraturvitskap. - Ønsket mitt er å skapa rom for ei samisk røyndomsforståing i akademia, seier ho.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 14.03.12 00:00 Oppdatert: 14.03.12 20:16

Tesen til Jernsletten går ut på at samisk litteraturforståing og verdsoppfatning bør kunne leggjast til grunn for det faget som blir kalla samisk litteraturvitskap.

- Er det slik at me berre kan omsetja blindt frå ei vestleg, vitskapleg litteraturforståing til ei samisk? Verdsbiletet er annleis - til dømes er det eit anna forhold mellom det munnlege og det skriftlege. Mykje av dei munnlege kommunikasjonformene må også kunne kallast litteratur, seier Jernsletten.

Eit rommeleg litteraturomgrep

- Litteraturomgrepet må også kunne romme den samiske litteraturen. Den skriftlege akademiske vitskapsnorma dyrkar det realistiske og det objektive, i samanfattande og einskaplege tekstar som helst ikkje skal sprike i alle retningar. Det er vanskelig å passe ei samisk røyndomsforståing inn i dette - til dømes er omgrepet "realistisk" utfordrande i den munnlege kulturen. I tradisjonell samisk kommunikasjon blir ofte det heilt daglegdagse gjort på ein poetisk måte - til dømes i form av gåter og forteljingar, og dialogen blir framelska, fortel Jernsletten.

- Litteraturvitskapen har lang tradisjon for å utfordre dei vitskaplege rammene, så det er på ingen måte nokon revolusjon eg forfektar. Eg prøver berre å bølle litt rom så det blir lettare for urfolk å koma med sitt.

(Artikkelen held fram under bileta)

KikkiJernsletten4 (640x626).jpg KikkiJernsletten5 (640x630).jpg KikkiJernsletten1 (626x640).jpg
Kikki Jernsletten har utforska den poetiske tilstanden mellom to himlar. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Mellom to himlar

Avhandlinga til Jernsletten har tittelen "The hidden children of Eve: Sámi poetics guovtti ilmmi gaskkas".

- Den syner til eit samisk eventyr som fortel om då Gud kom på vitjing til Adam og Eva. Eva har så mange ungar og gøymer vekk nokre for Gud - men han ser sjølvsagt desse og seier at det som er skjult skal forbli skjult.Og desse skjulte ungane er bilete på dei mytiske underjordiske i samisk kultur. Dei blir òg eit bilete på urfolk i verda og innafor akademia - som er i ein mellomtilstand mellom to verder, mellom to himlar - "guovtti limmi gaskkas".

- Men eg starta ut med spørsmålet om det var rom for ein samisk epistemologi - ei samisk røyndomsforståing - i akademia. Og svaret er jo ja - her har eg disputert, smiler Kikki Jernsletten.

Les heile avhandlinga i Munin.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 14.03.12 00:00 Oppdatert: 14.03.12 20:16
Vi anbefaler