Ny doktorgrad: Ghanesisk kakaoproduksjon mellom tradisjon og modernisering
- Ghanesisk kakaoproduksjon er i skvis mellom tradisjon og modernisering, og den store utfordringa er å få den vanlegaste produksjonseininga, hushaldet, til å fungere som heilskap, seier førsteamanuensis Percy Oware, som nyleg disputerte på ei avhandling om utfordringar i den hushaldsorienterte ghanesiske kakaoproduksjonen.
![]() |
| Percy Oware har studert hushaldsstrategiar hos ghanesiske kakaobønder i møte med internasjonale moderniseringskrav. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
God tanke - men dårleg gjennomtenkt
Tidleg på 80-talet var det mange gjeldstyngde afrikanske land som innførde Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet sine såkalla strukturerte tilpassingsprogram (SAPs). Tanken var å restrukturere produksjonskapasiteten for å betre handel og stimulere til økonomisk vekst - for å bli i stand til å handtere gjeld og for å opne for frie marknader og sterkare private eigedomsrettar.
- Målet var godt og tanken var god - å prøve å betre økonomien ved å auke inntektsmoglegheitene for kakaobøndene i Ghana var eit fornuftig tiltak. Problemet var berre at utviklingsprosjekta ikkje tok inn over seg korleis hushalda, som er den sentrale driftseininga i kakaoproduksjonen, fungerer. Det er til dels svært kompliserte strukturar som påverkar fordelingsprinsippa, og dermed innsatsen, i hushalda, seier Oware.
- Det er eit klassisk døme på korleis gode prosjekt strandar når ein ikkje har lokal kunnskap å forankre dei i.
Arvesystemet utløyser kreative strategiar
- For hovudutfordringa for kakaoproduksjonen i Ghana er å få hushalda til å dra saman som felles einingar. Men det er vanskeleg, mellom anna grunna dei motstridande interessene som kjem til syne når det er menn som eig, kvinner og barn som jobbar - og arvesystemet er matrilineært med arvetakarar utanom hushaldet. Kva er incentivet for å arbeide meir, når innsatsen du legg ned og inntektene du får ikkje går til ein sjølv eller ungane eller hushaldet - men derimot ungane til søstera?
- Sjølvsagt har folk difor utvikla ulike kreative strategiar for å kunne nytte seg av ressursane undervegs - mellom anna ved å investere i utdanning for ungane. Og det er vel og bra, men det hjelper ikkje hushaldet som kakaoproduserande eining, seier Oware.
Kakao størst i Ghana - og det har vekstpotensiale
Ghana er saman med Elfenbeinskysten og Brasil verdas tre største kakaoprodusentar. Produksjonen utgjer omlag 750 000 tonn årleg, og 10 % av folket i Ghana arbeider med kakaoproduksjon - i eit land der omlag 60 % er sysselsette i jordbruket. Staten har monopol på eksport, og det er ingen organisasjonar som regulerer produksjonen. Statens agentar reiser rundt og handlar med kvar og ein av kakaobøndene, men prisane er til ein viss grad regulerte, slik at produsentane er sikra minsteinntekter uavhengig av marknadsprisen.
- Alle ønskjer ei vidare satsing på kakaoproduksjon i Ghana - og hjelp til dette. Men utviklingsprosjekta må ha kunnskap om og fokus på kvardagsliv og hushaldsorganisering, og for å nå dei gode måla om større inntening, eksport og valutainntekter, må tiltaka setjast inn på å få hushaldet til å fungere saman som eining, avsluttar Oware.
Sjå heile avhandlinga i Munin.
.jpg)



