Møte med studentdemokratia på Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Finnmark

Den pågåande fusjonsprosessen mellom UiT, HiH og HiF gjer at me som sit i dei forskjellige studentdemokratia ser at me må møtast og diskutere sak.
Publisert: 07.04.10 00:00 Oppdatert: 07.04.10 11:30

8. april samlar to representantar frå kvar av studentdemokratia seg på UiT for å diskutere den eventuelle fusjonen mellom UiT, HiH og HiF, og korleis ein ser for seg at studentdemokratiet kan sjå ut på ein eventuelt fusjonert institusjon.

Det er lagt opp til at styra på dei tre institusjonane skal ta stilling til fusjonen innan sumaren. Derfor er det viktig at dei forskjellige studentdemokratia snakkar saman om saka, og kjem med ei fråsegn.

Publisert: 07.04.10 00:00 Oppdatert: 07.04.10 11:30
Vi anbefaler