Filosofi - bachelor


Filosofi - Master Korleis kan vi finne ut av kva som er sant eller falskt, rett eller gale? Kva kjenneteiknar eit godt samfunn? Kva vil det eigentleg seie å vere eit menneske? Er du oppteken av slike spørsmål, kan filosofi vere eit fag som passar deg. Filosofien søker kunnskap som kan gi klarleik, oversikt og samanheng i ditt eige liv, men gir også eit grunnlag for ei kritisk og reflektert holdning til eige og andre fag.
Fakta
Varighet:3 År
Studiepoeng:180
Gradsnavn:Bachelor i filosofi
Opptakskrav:Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Søknadsfrist:15. april
Søknadskode:186 479
Usikker - hjelp meg
Snarveier

Beskrivelse av studiet

Beskrivelse av studiet

Fagleg innhald:

Studiet i filosofi inneber arbeid med filosofiske problem både frå fortid og samtid. Ein drøftar den vestlege tanketradisjonen, slik den begynner med filosofisk arbeid i det antikke Hellas. Grunnleggande problemområde er metafysikk, kunnskapsteori, etikk, vitskapsteori og logikk. Eit av hovudføremåla er å utvikle evna hos studentane til kritisk og sjølvkritisk saumfaring av ulike teoriar, idear og oppfatningar.

Oppbygging av studiet:
Bachelorstudiet i filosofi skal ha minimum 90 studiepoeng filosofiemne ut over førstesemesterstudiet, dvs. examen philosophicum (10 studiepoeng), examen facultatum (10 studiepoeng) og eit introduksjonsemne (10 studiepoeng). Dei resterande 60 studiepoenga kan vere filosofiemne eller dei kan vere støtteemne frå andre fag.

Av dei 90 påkravde studiepoenga i filosofi er det ein obligatorisk del på 50 poeng, som utgjør basisemna i studiet. I tillegg inngår ei fordjupning på minimum 40 valfrie studiepoeng, alt etter kva for område innafor filosofien ein ønskjer å fordjupe seg i. Det kan vere etikk, språk, miljø, rettferdsproblematikk, eksistensialisme, feministisk filosofi eller politisk filosofi.

Vi oppmodar studentar som tenkjer å begynne på masterstudiet i filosofi at dei i siste semesteret av bachelorstudiet skriv ei bacheloroppgåve i emnet FIL-2090.

Dei som er tekne opp på studieprogrammet tar førstesemesterstudiet og basisemna i ei gitt rekkefølgje i løpet av dei to første studieåra. Sjølv om emna ikkje krev spesifikke forkunnskapar og ein kan ta dei som einskildemne, må en likevel innan ein tar eksamen i alle basisemna, ha fullført førstesemesterstudiet.

Studieløp:
Ein kan velje mellom ulike tematiske studieløp. Med utgangspunkt i praktisk filosofi, som er instituttets satsingsområde, kan ein til dømes studere etikk og politisk filosofi og legge hovudvekta på anten etikk eller på politisk filosofi. Ein også velje eit anna studieløp alt etter kva for emne ein konsentrerer seg om.

Studieretningar:
Programmet gir rom for ulike spesialiseringar i retning av t.d. lærarutdanning eller forskarutdanning. Dei 60 studiepoenga med støtteemne kan ein nytte til å gi bachelorgraden ulike retningar.
Vi tilrår studentar som ønskjer å arbeide i skuleverket, å legge inn eit anna undervisningsfag med 60 studiepoeng omfang som støtteemne (emnegruppe/årsstudium) slik at ein får undervisingskompetanse i to fag.Tar ein så mastergraden i filosofi får ein ei klassisk lektorutdanning.
Ein kan også gi bachelorgraden spesiell kompetanseoppbygging med sikte på arbeid innafor f.eks. kultur- eller sosialsektoren.

Oppbygging av studiet

Oppbygging av studiet

Semester 10 studiepoeng 10 studiepoeng 10 studiepoeng
1. sem (høst)
2. sem (vår)

Valfritt emne
3. sem (høst)
Valfritt emne
4. sem (vår)
Valfritt/Utveksling
Valfritt /2000/2020 emne/Utveksling
Valfritt 2000/2020 emne/Utveksling
5. sem(høst)
Valfritt 2000/2020 emne/Utveksling
Valfritt 2000/2020 emne/Utveksling
Valfritt 2000/2020 emne/Utveksling
6. sem (vår)
Valfritt 2000/2020 emne
Valfritt 2000/2020 emne
Valfritt 2000/2020 emne
Hva lærer du?

Hva lærer du?

Etter avslutta studium og oppnådd grad skal studentane ha desse læringsresultata:

Kunnskap og forståing:

  • Basiskunnskap og forståing i følgjande grunnleggande disiplinar i faget:
  • Filosofihistorie
  • Vitskapsfilosofi og logikk
  • Praktisk filosofi
  • Fordjupingskunnskap og innsikt i utvalte område eller retningar i faget.

Ferdigheiter:

  • Reflektert tileigning av filosofiske tekstar ut frå grunnleggande faglege krav til tekstlesing.
  • Evne til formidling av faget gjennom relevant bruk av fagterminologi.

Kompetanse:

  • Tileigning av eit grunnlag for vidare fagleg oppfølging i eit masterstudium.
  • Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med ei gitt problemstilling.
  • Medvit om og evne til å vere open overfor kunnskap og perspektiv frå andre fagområde.
  • Medvit om og respekt for ulike tilnærmingsmåtar til filosofiske spørsmål grunna i ulike historiske og kulturelle epokar og i ulike skuleretningar.

 

 

Opptakskrav

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadsfristen er 1. mars for søkarar med realkompetanse

 

Undervisning og eksamen

Undervisning og eksamen

Undervisning:
Undervisninga blir gitt som førelesingar, seminar og gruppeundervisning. Gjennom dei ulike undervisningsformene får studentane høve til å arbeide med filosofiske tema ut frå ulike tilnærmingar. Undervisningsform og omfang er nærare beskrivne i dei einskilde emnebeskrivingane.

Eksamen og vurdering:
Eksamen er ei mappeevaluering som i hovudsak består av ei heimeoppgåve og ein avsluttande prøve, anten skuleeksamen eller munnleg. Alle emna har obligatoriske arbeidskrav som må vere avlagde og godkjende før ein kan levere endeleg eksamen i emnet.


 

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk.
Utveksling

Utveksling

Utanlandsopphald:
Det er lagt til rette for at studentane i det fjerde eller femte studiesemesteret skal kunne studere eitt semester filosofi ved eit universitet i utlandet. Desse 30 studiepoenga inngår anten som del av dei 90 poenga i filosofi ein må ha, eller kjem i tillegg.

Institutt for filosofi har ei rekkje utvekslingsavtalar og Erasmus-avtalar. Det ligg føre ei liste over alle godkjende utvekslingsavtalar her: http://uit.no/studenter/utveksling

 

Jobbmuligheter

Jobbmuligheter

Bachelorstudiet i filosofi er eit allmenndanande studium som kvalifiserer for arbeidsoppgåver som set krav til refleksjon og analytisk tenking, arbeid med å formulere føresetnader og sjå konsekvensar, oppdage problem og moglege løysingar, evne til å orientere seg kritisk og sjølvstendig, og som inneber skriftleg framstilling av kompliserte årsaks- og verknadssamanhengar.

Alt etter korleis ein komponerer programmet, vil ein bachelor i filosofi kvalifisere for til dømes medie- og kulturarbeid, arbeid ved museum, bibliotek, forlag, i statleg og kommunal forvaltning, privat næringsliv, utgreiingsarbeid og undervisning.

For å bli lærar må ein ta praktisk-pedagogisk utdanning etter bachelor- eller mastergradsstudium. Ein bachelor i filosofi kvalifiserer for masterstudium i filosofi og dei tverrfaglege masterstudia der filosofi inngår.

 

 

Videre studier

Videre studier

Med bachelorgrad kan du bli tatt opp til mastergradsstudiet i filosofi. Graden er også opptaksgrunnlag til master i visuelle kulturstudie og fleire tverrfaglege masterstudie, som urfolksstudiet og fredsstudiet ved Universitetet i Tromsø.
Studieplan
Husk søknadsfrist 15. april


Kontakt
Relaterte yrker
Adjunkt
Informasjonskonsulent
Journalist
Lærer
Redaktør