Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
 

Noreg er ein viktig premissleverandør for EUs arktiske politikk

- I EUs arktiske og maritime politikk har Noreg heilt klart lukkast med å vera ein viktig premissleverandør.

Sigrun Høgetveit Berg  Opprettet: 19.09.2013 13.12  Sist endret: 25.09.2013 11.13

Det seier statsvitar Njord Wegge, som nyleg disputerte på avhandlinga si om forholdet mellom EU og Noreg i nordområda.

Njord Wegge disputerte nyleg på avhandlinga "Norway: Small State, Arctic and Maritime Great Power? The Relationship between Norway and the EU in the High North. Foto: Fridtjof Nansen institutt

- Det norske synet om at havretten er eit tilstrekkjeleg og godt nok utvikla lovverk for Arktis - også for EU - har nåddefram, og EU har difor ikkje laga noko nytt lovverk for havområda rundt sine land, fortel Wegge.

- Dette er ein siger for Noreg - og i dette tilfellet ser det ikkje ut til å ha hatt noko å seia at me står utanfor EU. Noreg har vore aktiv på dette området, og Brüssel søkte norsk fagkompetanse i sitt arbeid.

Arktisk stormakt?

Dei siste tjue åra har Nordområda og Arktis gått frå å vera noko svært få interesserte seg for, til no å vera også på den globale dagsordenen. Det handlar om klimaendringar og issmelting, men også om geopolitikk og "the scramble for the Arctic".

- Den norske nordområdesatsinga var og er såleis i tida, men den kom også veldig tidleg innanfor det som no er vorte eit internasjonalt viktig interesseområde..

- I det store og det heile snakkar Noreg same språket som dei nordiske EU-landa, og det er ingen tvil om at Noreg er med og set agendaen i Arktis - også for EUs politikk.

- Kan me kalle Noreg ei arktisk stormakt?

- Russland er sjølvsagt større og viktigare - USA også - men saman med Canada, og særleg Danmark og Grønland er Noreg ei svært viktig stemme og ein betydeleg aktør, særleg grunna satsinga vår på kunnskap og forsking i og på Nordområda. Så eg vil seia ja, arktisk stormakt er ei treffande nemning.

Mislukkast med selfangsten

Men dei norske standpunkta i arktisk maritime spørsmål har ikkje nådd fram på alle område.

- EU har no forbode handel med selprodukt i fellesmarknaden, så i selfangstspørsmålet har Noreg mislukkast, seier han.

Noreg greidde å nå fram med sine vitskaplege bevis for at selfangsten var utført på ein human og bærekraftig måte til EU-kommisjonen, men nådde ikkje fram i EU-parlamentet.

- Parlamentsmedlemene har ikkje same fagkunnskapen som kommisjonen, men sidan parlamentsmedlemene vil bli attvalde og representerer veljargrupper der 90 % er mot selfangst, så har dei ingenting å miste på å stemme mot i ei sak som er så emosjonell for mange, seier Wegge.

Det demokratiske underskotet i EU har vore  eitt av dei sentrale argumenta for den norske nei-sida i spørsmålet om norsk EU-medlemskap. Men i sel-saka er det nettopp det demokratisk valde EU-parlamentet - som i dei seinare åra har fått meir makt ved å bli likestilt med EU-kommisjonen - som har gått mot dei norske standpunkta og fått siste ord i saka. Så langt.

Noreg og Canada har no retta søksmål mot EU og lagt saka fram for verdas handelsorganisasjon (WTO).

- Derifrå kjem det til å koma ei avgjerd - men det kan ta år, avsluttar Wegge.



Del på Facebook
Forskning:
Finn forsker
Finn ekspertområde
Finn forskningsprosjekter
Finn forskningsgruppe

Utdanning:
Finn studieprogram
Finn emne
Finn yrke

Formidling:
Arrangementer
Nyheter
Nye doktorgrader - Munin
Utstillinger
Tromsø Museum - Universitetsmuseet
Universitetsbiblioteket


Om UiT:
Organisasjonen
Ledelse
Kontakt
Kart over campuser
Ledige stillinger
Fakta om UiT

Cookies på uit.no

Følg oss:

Målgrupper:
Høgskolen i Finnmarks gamle sider
Media
Næringsliv
Skole
Ansatte

Logo for Universitetet i tromsø
UiT Norges arktiske universitet - UiT The Arctic University of Norway - UiT Norgga árktalaš universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-post: postmottak@uit.no