Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
 

Ny sesong med Filmgrenser

For tredje hausten på rad dreg kulturforskarane igang filmvisingar på Verdensteatret Cinematek. - Det blir nytt, det blir gamalt, det blir kunstfim, det blir mainstream - med andre ord eit breitt filmutval, lovar organisator Holger Pötzsch.

Sigrun Høgetveit Berg  Opprettet: 27.08.2012 15.13  Sist endret: 28.08.2012 09.30
Filmgrenser går inn i sin tredje sesong, med mellom anna den sørafrikanske Disgrace.

Filmvisingane til forskingsgruppa Border Culture går under namnet Filmgrenser, eller Filmborders.

- Vi har hatt som mål å vise fram korleis grenser blir representerte i film, og korleis film som kulturelt produkt er med og reproduserer grenser. Det er eit tema som ein kan finne i svært mange filmar, seier Pötzsch.

Opnar med The Piano

Haustens framsyningsrekke opnar den 10. september med den vakre The Piano frå 1993. Filmen vann gullpalma på filmfestivalen i Cannes det året - som den første gullpalmevinnar skrive og regissert av ei kvinne; Jane Campion.

Haustens Filmgrenser opnar med The Piano 10. september.

Førsteamanuensis i engelsk litteratur, Stephen Wolfe, vil innleie før framsyninga.

- Vi innleier alltid framsyningane med ein introduksjon - og legg opp til debatt etterpå. Vi toler godt at publikum lar seg engasjere og provosere og synest det er spennande med kontroversielle standpunkt, seier Pötzsch, som lokkar med gratis inngang for tilsette og studentar på universitetet.

Etterfølgjer Border Aesthetics

Den første framsyninga er også rett i etterkant av avsluttingskonferansen til forskingsprosjeketet Border Aesthetics. Det var dette prosjektet som starta med Filmgrenser, men filmvisingane vil halde fram også neste haust - vidareført i forskargruppa Border Culture.

- Vi har eit trufast publikum, og det er eit veldig godt samarbeid vi har fått til med Institutt for kultur og litteratur og universitetet sentralt. Og ikkje minst er Verdensteatret Cinematek og leiaren der, Tone Lein, til stor og uvurderleg hjelp, seier Pötzsch, som gler seg til hausten.

- Kanskje særleg ser eg fram til Disgrace, bygd på den sørafrikanske nobelprisvinnaren J.M. Coetzee sin roman av same namn frå 1999.

Til denne filmen innleier professor Gerd Bjørhovde. Les meir om både Disgrace, The Piano og resten av filmane her.



Del på Facebook
Ledelse:
Universitetsledelsen og Universitetsstyret

Fakulteter:
Det helsevitenskapelige fakultet
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning
Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Det kunstfaglige fakultet
Det juridiske fakultet

Enheter under styret:
Tromsø Museum – Universitetsmuseet
Universitetsbiblioteket
U-vett
Nyheter:
Nyhetsportalen
Tavla
Nyhetsbrev
RSS-feeds

IT-brukerstøtte:
For studenter
For ansatte
For gjester


For studiesøkere:
Studiekatalogen
Studier og opptak
Velferdstilbud
Studentbyen Tromsø

For studenter:
Studiehverdagen
Studentorganisasjoner
Utveksling
Velferdstilbud
Karrieresenter

For publikum
Kart over campus
Tavla - hva skjer og hvor
HMS:
Helse, miljø og sikkerhet
Akutthjelp
Arbeidsmiljøutvalget
Bedriftshelsetjenesten
Verneombud

Søk:
Søk i telefonkatalog
Søk etter innhold
Universitetet i Tromsø - University of Tromsø - Romssa universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-post: postmottak@uit.no