Antropologisk knallstart på haustsemesteret
Internasjonale kapasitetar til Tromsø denne veka.
Antropologane startar haustsemesteret på brei front. I tillegg til å vera vertskap for den 32. nordiske antropologiske filmfestivalen, skipar dei til symposiet "'Experience, Sense and the Lens' Ethnographic filmmaking, visual documents and transcultural knowledge." Der har dei fått internasjonale kapasitetar til å dra det heile i gang.
![]() |
| Paul Stoller er også på Twitter. |
Ethnographic futures
Paul Stoller er professor ved West Chester University i USA. Han har eit langt forfattarskap bak seg og er aktiv på sosiale media. Dei siste åra har han markert seg særleg som ein analytisk bidragsytar på den amerikanske bloggen Huffington Post.
Stoller skal snakke om "Ethnographic futures" på konferansen.
Utviklingsforsking
Professor J-P Oliver de Sardan frå Frankrike og Niger har tilliks med Stoller kome med viktige bidrag til debatten om tilhøvet mellom nord og sør og mellom film og tekst. Han er særleg kjent for bøkene sine om utviklingsforsking, metode og korrupsjon i kvardagslivet.
Tittelen på de Sardan sitt føredrag er "The realist pact and the quest for plausibility in ethnography and documentary film making".
Knut Erik Jensen og afrikansk film frå Tromsø
Symposiet held fram med forskarar frå Manchester, Århus, Stockholm, Gøteborg, Roskilde - og Tromsø. Medan Knut Erik Jensen og professor Lisbeth Holtedahl møtest til samtale om sitt lange samarbeid, under tittelen: "Visual ways of conveying love and sorrow." Delar av deira felles film frå Ersfjorden på Kvaløya, Få er som far, ingen er som mor, vil også bli vist.
I løpet av filmfestivalen som følgjer symposiet blir det også gjensyn med filmar laga av afrikanarar i Tromsø på 1980-talet. Desse filmane vart til på workshopar i samarbeid med Ateliers Varan i Paris, noko som la grunnlaget for det som seinare vart Visuelle kulturstudium ved Universitetet i Tromsø.
Både symposiet og filmfestivalen har interesse for eit breiare publikum.
