Stappfull semesterstart
Auditorium 1 i Teorifagbygget var stappfullt då HSL-fakultetet inviterte dei nye studentane til informasjonsmøte tysdag. Studentane vart hylla, bejubla og gratulert med at dei hadde gjort det rette valet; studium innanfor humaniora, samfunnsvitskap eller lærarutdanning.
![]() |
| Forventningsfulle førsteårsstudentar - omkransa av raudkledde fadderar. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg. |
Etter at sola hadde kasta varmt lys over opningsarrangementet for heile UiT i Labyrinten, kom HSL-fakultetet sine eigne håpefulle innomhus. Der vart dei møtt med inspirerande velkomstord, praktiske opplysningar og oppstemd mannskorsong.
Direketør i AT Plan og arkitektur, Arne Rydningen - tidlegare student ved fakultetet - gav dei nye studentane gode og konkrete tips og råd på vegen frå lesesalen og inn i næringslivet.
![]() |
| Petter Nafstad inspirerte studentane til innsats. |
Dekan Petter Nafstad sette peikte på korleis den utdanningseksplosjonen som hadde gått føre seg i dette landet sidan UiT opna i 1972, truleg var den største samfunnsendringa i vår tid. Og at studentane i dag skulle gle seg over - og vera stolte av - å kunne ta del i dette produktive utdanningssamfunnet.
- Me rekrutterer veldig bra frå Nord-Noreg, og målet vårt er å tiltrekkje oss endå fleire frå sør, sa han.
Ei av dei store endringane frå hans studietid er at jentene no er i fleirtal på norske universitet.
På tredje rad sat i så måte ein av Nafstads draumestudentar:
Malin Berg, 20 år frå Trysil, kom til Tromsø av di ho ville oppleva byen i nord. Ho ser fram til å starte på årsstudiet i kjønnsstudium - og håpar å koma inn på psykologi neste år.
Lykke til med nytt studieår!
![]() |
| Malin Berg kom frå skogen i Trysil til fjella og havet i Tromsø. |
.jpg)
.jpg)
.jpg)