Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
 

Skulle du gjerne vore litt flinkare i tysk?

Har du lyst til å studere tysk der tyskarane er? Eller treng du litt påfyll på skuletysken for å lesa betre internasjonal faglitteratur? Eller kanskje det er spennande fagmiljø du ønskjer å koma i kontakt med? Då kan kanskje det tysk-norske studiesenteret i Kiel hjlepe deg.

Sigrun Høgetveit Berg  Opprettet: 05.07.2012 10.58  Sist endret: 14.08.2012 09.16
Kiel opnar seg mot Østersjøen og nord - og har lang tradisjon for kontakt med Skandinavia. Foto: Universitetet i Kiel.

- Dette senteret har ei 25 år gamal historie og blir drive i samarbeid mellom universiteta i Tromsø, Bergen, Trondheim, Oslo, Noregs Handelshøgskole og Universitetet i Kiel. Det har som mål å gje norske studentar og forskarar eit kurstilbod innan innan tysk språk og kulturkunnskap ved Universitetet i Kiel, seier Marie-Theres Federhofer.

- Dei tilbyr språkkurs av alle slag, mellom anna fire store studiepoenggjevande kurs i tysk. Me prøver å parallellkøyre eitt av desse kursa med eit bacheloremne her, slik at det er enkelt for studentane å passe det inn i sine studieløp.

- Me synest det er positivt for heile språkopplæringa at studentane allereie på eit tidleg tidspunkt i studiet dreg til Tyskland. Tilbakemeldingane frå dei som har vore i Kiel er veldig gode - det er enkelt å reise og rammene rundt er godt etablerte, seier ho.

Også for forskarar

Federhofer er professor i tysk litteratur og leiar i det norske heimestyret for det tysk-norske studiesenteret i Kiel, DNSZ. Håkon Fottland er sekretær.

- Senteret har også gjensidig vitskapleg og kulturell utveksling mellom Tyskland og Noreg som mål, seier han.

- Særleg ønskjer me difor å syne at også forskarar kan ha nytte av dei tilretteleggjande tenestene som senteret tilbyr. Til dømes har forskarar ved UiT samarbeid med forskingsmiljø innan marin, helse og biologi i Kiel, utan at senteret har vore involvert i dette. Kanskje kunne dette samarbeidet vorte endå betre med den praktiske hjelpa senteret kan bidra med, seier Fottland.

Takterrassen på Det norske instituttet i Roma - til inspirasjon både for forskar og student. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Mange senter og institutt

Universitetet har mange slike avtaler med senter og institutt rundt om i Europa.  Nokre msom primæørt driv emd språkoplæring, andre med større vekt på forsking og/eller undervisning innanfor fleire fag. Felles for dei fleste er at dei ikkje blir rende ned av forskarar og studentar frå Tromsø - difor prøver univesitetet no å markandsføre dei betre.

- Det er mange måtar å bruke desse miljøa på, men dei er ikkje så godt kjende. Dei ulike sentra og institutta tilbyr ulike ting, så det har ikkje vore like lett å orientere seg for brukarane, seier Fottland.

- Dei fleste tilbyr emne innanfor språk og kultur som kan passast inn i ein grad, nokre også førebuande språkemne - det kan vera relevant for alle som ikkje studerer eller forskar på språk, men som treng kunnskap i til dømes tysk eller fransk i arbeidet sitt. Difor skulle desse sentra også vera interessante for studentar og forskarar på andre fakultet enn HSL, meiner han.

- Først gjer me no ein innsats for å samle informasjon og synleggjera denne, gjennom ei felles nettside. Her kan du finne opplysningar om kva sentra tilbyr, kontaktinformasjon og lenker, slik at det vonaleg blir lettare å orientere seg, seier Fottland.

- Aktiv bruk av ulike språk både innan og utanom fagkretsen blir stadig viktigare i arbeidsmarknaden, og ikkje berre engelsk som vi får inn på TV-kanalane. Sentra kan gjera det lettare for fleire å få god språkkompetanse på CVen, avsluttar han.

 



Del på Facebook
Ledelse:
Universitetsledelsen og Universitetsstyret

Fakulteter:
Det helsevitenskapelige fakultet
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning
Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Det kunstfaglige fakultet
Det juridiske fakultet

Enheter under styret:
Tromsø Museum – Universitetsmuseet
Universitetsbiblioteket
U-vett
Nyheter:
Nyhetsportalen
Tavla
Nyhetsbrev
RSS-feeds

IT-brukerstøtte:
For studenter
For ansatte
For gjester


For studiesøkere:
Studiekatalogen
Studier og opptak
Velferdstilbud
Studentbyen Tromsø

For studenter:
Studiehverdagen
Studentorganisasjoner
Utveksling
Velferdstilbud
Karrieresenter

For publikum
Kart over campus
Tavla - hva skjer og hvor
HMS:
Helse, miljø og sikkerhet
Akutthjelp
Arbeidsmiljøutvalget
Bedriftshelsetjenesten
Verneombud

Søk:
Søk i telefonkatalog
Søk etter innhold
Universitetet i Tromsø - University of Tromsø - Romssa universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-post: postmottak@uit.no