Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
 

- Eg treng tid, ro og tolmod

Den verdskjende forfattaren Nuruddin Farah frå Somalia er ein av hovudinnleiarane på den internasjonale Ibsen-konferansen. Tysdag snakka han til eit lydhøyrt konferanse-publikum på universitetet, onsdag kveld kan heile byen oppleva han på Tromsø bibliotek.

Sigrun Høgetveit Berg  Opprettet: 20.06.2012 13.50  Sist endret: 20.06.2012 15.42
Den somaliske forfattaren Nuruddin Farah er i Tromsø. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Der skal han samtale med medievitar og afrikakjennar Helge Rønning - om Afrika og litteratur.

Ein sann kosmopolitt

Nuruddin Farah er busett i Cape Town. Han har studert i Somalia, Etiopia, India, Storbritannia og Italia og reiser stadig verda rundt - men dette er hans første tur til Tromsø og så langt nord.

Han snakkar 5-6 språk og underviste nyleg - i Minnesota - i eit emne om forfattarar som skriv på andrespråket sitt, slik han sjølv har gjort.

- Forfattarskapen hans er viktig for å forstå Somalia og Afrika i dag, men han er ein mann av mange kontinent - ein sann kosmopolitt, i følgje Helge Rønning.

Referansekjelde og inspirasjonsfontene

På konferansen tysdag la Rønning vekt på korleis kvinner og kvinners rolle er eit gjennomgangstema hos Farah, før Farah sjølv tok forsamlinga med gjennom hans første møte med Henrik Ibsen - i form av Et dukkehjem i 1968 - påtvunge han av ein medstudent som påstod det var "a hell of a play!"

- Og eg elska det. Eg vart Ibsen-fan. Stykket vart ei referansekjelde og inspirasjonsfontene for det som skulle bli den første romanen min. I From a Crooked Rib starta eg der Ibsen slutta, sa Farah.

Og held fram med ei fantastisk forteljing med varme og humor om ei ambisiøs og utolmodig forfattarspire, om ein langvarig skriveprosess med tru, tvil og val, om Ibsen og han, om korleis Nora og hans eigen hovudperson, Ebla, hadde dei same utfordringane - var dei menneske, individ, kvinne eller mor, men ikkje dei same alternativa - "der Nora kunne gå og slamre igjen døra etter seg, kunne Ebla ikkje ein gong slamre, for det er ikkje dører i nomadiske hytter", om korleis somaliske menn og kvinner tok imot boka hans - om korleis å skrive gjennom eit liv, med ein sterk, men ikkje overveldande innflytelse frå Ibsen - alt i eit språk berre ein skjønlitterær forfattar kan formidle i.

- And I salute him, and I thank him - and I thank you, avslutta han.

Ventar ikkje på inspirasjon

Ibsen og Nora var altså til sterk inspirasjon då Farah gav ut sin første roman, men kva skal til for å inspirere han i dag?

- Som profesjonell forfattar ventar eg ikkje på inspirasjon - eg berre skriv. Men eg kan bruke både seks og sju timar på ei setning, av og til er det den tida det tar, seier Farah, og bedyrar at han kan skrive kor som helst - likesågodt i Tromsø som i Cape Town og Mogadishu.

 - Ja, alt eg treng er tid, ro og tolmod. Den største utfordringa er å finne tid og ro - tolmod må ein lære seg.

- Og det har gjort, smiler han, og er klar til å møte tromsøpublikum på biblioteket.

 

 

 



Del på Facebook
Ledelse:
Universitetsledelsen og Universitetsstyret

Fakulteter:
Det helsevitenskapelige fakultet
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning
Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Det kunstfaglige fakultet
Det juridiske fakultet

Enheter under styret:
Tromsø Museum – Universitetsmuseet
Universitetsbiblioteket
U-vett
Nyheter:
Nyhetsportalen
Tavla
Nyhetsbrev
RSS-feeds

IT-brukerstøtte:
For studenter
For ansatte
For gjester


For studiesøkere:
Studiekatalogen
Studier og opptak
Velferdstilbud
Studentbyen Tromsø

For studenter:
Studiehverdagen
Studentorganisasjoner
Utveksling
Velferdstilbud
Karrieresenter

For publikum
Kart over campus
Tavla - hva skjer og hvor
HMS:
Helse, miljø og sikkerhet
Akutthjelp
Arbeidsmiljøutvalget
Bedriftshelsetjenesten
Verneombud

Søk:
Søk i telefonkatalog
Søk etter innhold
Universitetet i Tromsø - University of Tromsø - Romssa universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-post: postmottak@uit.no