Diskuterte lokal beredskap på den internasjonale arenaen
Måndag besøkte FNs nødhjelpskoordinator Valerie Amos og utviklingsminister Heikki Holmås UiT. Saman med Mads Gilbert og Gunhild Hoogensen Gjørv diskuterte dei korleis investering i lokal beredskap kan førebyggje humanitære katastrofar.
![]() |
| FNs nødhjelpskoordinator Valerie Amos og utviklingsminister Heikki Holmås. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Humanitære katastrofar oppstår både som følgje av menneskeskapte konfliktar og naturkatastrofar.
- Meir enn 4 milliardar menneske er sidan det førre Rio-toppmøtet for 20 år sidan vorte utsette for klimandringar og ekstreme vertilhøve. Me må ha stratgeiar og politikk for korleis me skal møte desse utfordringane framover. Å arbeide førebyggjande er å redusere risiko - og det kostar mindre, sa Amos.
- Det er ikkje noko som påverkar liva til så mange menneske som klimaendringane. Berre i 2011 var det årsaka til 302 naturkatastrofar som kravde 30.000 liv. Noreg vil stø FN vidare i den innsatsen dei legg ned i førebygging, men me har alle arbeid å gjera på eigahand også, sa Holmås, og trekte fram fire konkrete samarbeidsprosjekt Noreg har med Bangladesh, Vietnam, Uganda og Cuba.
Lokal kunnskapsoppbygging i praksis
Lege Mads Gilbert har lang erfaring frå arbeid i naudlidande område. Han har stått midt oppe i konfliktar og arbeidd i pågåande katastrofar, men på seminaret måndag delte han først og fremst erfaringar med korleis ein kan førebyggje naud og elende i utsette område ved å byggje menneskeleg infrastruktur.
- Det handlar om folk og trua på folk, ikkje berre på pengar. Med små ressursar kan ein lære opp lokalbefolkninga til å gjera mykje av det tidskritiske hjelpearbeidet som må til når katastrofen inntreffer, sa Gilbert, og synte til døme frå "The Village University" som han har arbeidd med i Nord-Irak og Kambodsja.
- Det tek tid å byggje opp lokal kompetanse, men det er ei investering - ikkje minst med tanke på førebygging av etterverknader etter katastrofar. Der må satsast meir på systematisk lokal trening, sa Gilbert.
Dei lokale er alltid først på staden
Statsvitar Gunhild Hoogensen Gjørv understreka i sine innlegg kor viktig det er å forstå det samansette aktørbiletet ein har når konfliktar og krisesituasjonar oppstår.
- Dei lokale er alltid dei første på staden, anten det er ei bilulukke eller ein tsunami. Sjølvsagt må ein nytte deira ressursar i det førebyggjande arbeidet.
- Og, lik det eller ikkje, militæret er ofte i nærleiken og har ressursar og kompetanse å hjelpe til med både i førebyggingsarbeid og i ein nødsituasjon, sa Hoogensen, og trekte fram som døme den planlegginga som blir gjort rundt Nordnesfjellet i Lyngen, som før eller seinare kjem til å rase ut og skapa ei tidevassbølgje som vil få store følgjer for busetjingane langs fjorden.
![]() |
| Bjørn Hansen leidde debatten. F.v. Valerie Amos, Heikki Holmås, Mads Gilbert og Gunhild Hoogensen Gjørv. |
Langsiktig investering
Alle innleiarane streka under kor viktig det er med mot og evne til å tenkje langsiktig: Når katastrofen oppstår må ein samstundes med det akutte hjelpearbeidet tenkje på korleis ein kan førebyggje langtidsverknadene ein veit vil koma Og før katastrofen oppstår, må ein ha evne til å prioritere pengar til førebygging - det kostar mindre enn naudhjelp i ettertid.
- Det kostar tre gonger så mykje å køyre naudhjelpslastebilar med vatn inn i eit område, enn å lære folk å finne vatn sjølv, poengterte Amos.
Men det er ikkje berre eit spørsmål om pengar.
- Me har kunnskap, me har teknologi, men me må bli flinkare til å dele denne. Samstundes må me vera lydhøyre for den lokale kunnskapen frå dei som står midt oppe i problema, sa Gilbert.
![]() |
| Rektor Jarle Aarbakke ønskte gjestene - og debatten - velkomen. |
%20(640x428).jpg)
.jpg)
.jpg)