Spennande samarbeid mellom UiT og UC Berkeley
I slutten av mai oppretta dei fremste universiteta og Forskingsrådet i Noreg "The Peder Sather Center for Advanced Study" i samarbeid med University of California, Berkeley. Målet med senteret er å vera ein inkubator for ny forsking og utdanningssamarbeid mellom partane.
![]() |
| Dekan Peder Nafstad underteiknar avtale med dekan Carla Hesse ved UC Berkeley. |
Kjernemålgruppa for senteret er master- og doktorgradsstudentar og post.doc.-stipendiatar - både ved Berkeley og ved norske universitet.
- Det er svært spennande og me gler oss til å koma i gang med å diskutere satsingsområde, seier dekan Petter Nafstad ved HSL-fakultetet, som sit i "The Advisory Board" for senteret og signerte avtala på vegner av Universitetet i Tromsø.
Kan forme den faglege profilen
Senteret skal administrere og leggje til rette for student- og forskarutveksling, symposium, arbeidsseminar, stipendutdelingar og andre faglege arrangement.
- Den faglege profilen skal presiserast nærare av rådet og seinare styret for senteret. Dei norske samarbeidspartnarane vil i stor grad kunne vera med på å bestemme denne profilen, det er difor viktig at me spelar inn det me meiner er faglege område av særleg interesse for oss, seier Nafstad.
Norskamerikanar med mykje pengar
Peder Sæther, som senteret er kalla opp etter, emigrerte frå Odal til USA i 1832. Der vart han, som mange andre norskamerikanarar, rik på pengar. Då han døydde i 1886 donerte enka ein stor sum til University of California - som mellom anna har resultert i kjende landemerke ved Berkeley, som Sather Gate og Sather Tower.
Og no også The Peder Sather Center for Advanced Study.
.jpg)