Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
 

Småskala reiselivsaktørar lærer ved å byggje nettverk

For å lykkast med småskala reiselivsetablering i distriktet, krevst læringsarenaer der ein kan mobilisere og byggje personlege nettverk og få målretta støtte. Og framfor alt krevst ein stor porsjon motivasjon og innsats.

Sigrun Høgetveit Berg  Opprettet: 14.05.2012 15.22  Sist endret: 16.05.2012 15.15
Giovanna Bertella. Foto Sigrun Høgetveit Berg

Giovanna Bertella er master i pedagogikk og master i bedriftsøkonomi og har kombinert dei to fagområda i si doktoravhandling om korleis læring går føre seg mellom små reiselivsaktørar i distriktet. Empirien har ho henta primært frå Nord-Noreg - men også med ein avstikkar til Firenze.

- Eg har studert wildlife tourism - naturbasert turisme - og matturisme. Særleg det siste er mykje lenger kome og har større utbreiing i mange andre land, til dømes Italia.

- Men stort sett har eg halde meg i Troms og Lofoten. Her har eg sett på samarbeid og læringsprosessar mellom små aktørar, fortel Bertella.

Spennande og spontane nettverk

- Mange småskalaaktørar i reiselivet har det same utgangspunktet, den same livsstilen. Profesjon og identitet heng såleis meir ihop enn i mange andre type jobbar. Dette skapar læringsarenaer der uformelle, personavhengige nettverk kan skapast. Desse nettverka oppstår på mange vis spontant og er uføreseielege - noko som er spennande, men også utfordrande, for det er vanskeleg å styre desse prosessane.

- Denne nettverksbygginga er basert på tillit meir enn kontroll - så når det fungerer, fungerer det bra - men det er som sagt vanskeleg å lære frå gong til gong av denne type nettverksbygging, seier Bertella.

Fireledda læringsprosess

I avhandlinga set Bertella opp ein fireledda modell for korleis ho meiner læringsprosessen går føre seg for småskala reiselivsaktørar.

- Alle startar med sin individuelle motivasjon og innsats. Deretter er det særleg to arenaer - to "communities of practice", som det heiter på fagspråket - der læring går føre seg.

- Først gjennom sterke band i dei personlege nettverka - som familie og vener - og deretter gjennom også sterke band til ulike type aktørar med målretta støtteordningar - ikkje berre økonomiske, men også til kurs og anna type kunnskapsinnhenting. Innovasjon Norge er eit døme på ein slik aktør.

- Til sist er det arenaer der mykje lausare band blir knytte. Gjennom praksisnettverk får ein tilgang til ulik kunnskap frå ulike andre kontekstar - universitetet og andre institusjonar i akademia er slike type aktørar, avsluttar Bertella.

Les heile avhandlinga i Munin.

 

 

 



Del på Facebook
Ledelse:
Universitetsledelsen og Universitetsstyret

Fakulteter:
Det helsevitenskapelige fakultet
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning
Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Det kunstfaglige fakultet
Det juridiske fakultet

Enheter under styret:
Tromsø Museum – Universitetsmuseet
Universitetsbiblioteket
U-vett
Nyheter:
Nyhetsportalen
Tavla
Nyhetsbrev
RSS-feeds

IT-brukerstøtte:
For studenter
For ansatte
For gjester


For studiesøkere:
Studiekatalogen
Studier og opptak
Velferdstilbud
Studentbyen Tromsø

For studenter:
Studiehverdagen
Studentorganisasjoner
Utveksling
Velferdstilbud
Karrieresenter

For publikum
Kart over campus
Tavla - hva skjer og hvor
HMS:
Helse, miljø og sikkerhet
Akutthjelp
Arbeidsmiljøutvalget
Bedriftshelsetjenesten
Verneombud

Søk:
Søk i telefonkatalog
Søk etter innhold
Universitetet i Tromsø - University of Tromsø - Romssa universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-post: postmottak@uit.no