Kjærsti får relevant jobberfaring undervegs i studiet
Gjennom universitetet si internshipordning har Kjærsti Magnussen fått deltidsjobb medan ho studerer. - Dette gjev meg verdifull erfaring innanfor administrativt arbeid, og hjelper meg å stake ut vegen vidare, seier Magnussen.
![]() |
| Student Kjærsti Magnussen (t.v.) i deltidsjobb i HSL-ekspedisjonen, her saman med internshipkoordinator Elisabeth Aase. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Kjersti arbeider 50 % i ekspedisjonen på HSL-fakultetet. Samstundes studerer ho enkeltemne for å byggje på allmennlærarutdanninga ho var ferdig med i fjor.
I ekspedisjonen hjelper ho studentar og tilsette med å orientere seg i alle slags praktiske og logistiske irrgangar i organisasjonen, tek imot eksamensoppgåver, leverer ut nøklar - og ikkje minst er ho fysisk til stades på eit kontor der folk kan stikke innom. Ho er ikkje berre ei epostadresse eller ei stemme på ein help desk ein eller annan stad i systemet...
- Det er veldig kjekt og mykje meir relevant arbeidserfaring enn det eg har fått frå andre type sørvisjobbar til dømes i serveringsbransjen tidlegare, seier Magnussen.
Gje studentar tilbod om relevant praksis
- Målet med internshipordninga er å gje studentar tilbod om relevant arbeidserfaring og kontakt med arbeidslivet undervegs i studiet. Difor er hovudmålgruppa studentar som ikkje har praksis i utdanningane sine - som på dei store fakulteta HSL, BFE og NT, seier Elisabet Aase, rådgjevar på universitetet sitt karrieresenter og internshipkoordinator på HSL-fakultetet.
Karrieresenteret har etablert samarbeid med både private og offentlege verksemder, og internshipstillingane kan variere både i mengde og lengde, frå deltid til fulltid, i nokre månader eller opp mot eitt år.
- Me har sett ei øvre grense på 100 % i eitt år, seier Aase.
- For me vil ha studentane våre attende for å gjera ferdig studia, og korkje studenten eller verksemda skal trenge å ha forventingar eller føle ansvar for noko meir ut over det. Men me vil gjerne at dei skal knyte kontaktar og byggje nettverk - og me opplever at kandidatane kjem attende som endå meir motiverte studentar når dei har vore ute i arbeidslivet ei stund, fortel ho.
Over 100 søkjarar til 11 stillingar
Internshipordninga skal vera ein vinn-vinn-situasjon for både student og verksemd, og Aase seier dei prøver vera både kjappe og fleksible i arbeidsformidlinga. Stillingar blir difor lyste ut fortløpande, men også gjennom fellesutlysingar, slik det nettopp no har vore gjennomført. Og til 11 stillingar fekk dei inn over 100 søkjarar.
- Det er me veldig godt nøgde med, og det viser at me fyller eit behov. Også den nyleg gjennomførde kandidatundersøkinga viser at karriererettleiing og kontakt med arbeidslivet er noko studentar etterspør. Me vil difor gjerne utvikle tilbodet vidare, seier Aase.
Les også:
.jpg)