Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
 

Fire HSL-prosjekt får pengar gjennom Fellesløftet

Universitetet i Tromsø har fått god utteljing og tilslag på tre søknader i fagkomiteen for humaniora (FRIHUM) og ein søknad i fagkomiteen for samfunnsvitskap (FRISAM) gjennom det såkalla Fellesløftet.

Sigrun Høgetveit Berg  Opprettet: 13.02.2012 13.20  Sist endret: 13.02.2012 13.45

Dei tre FRIHUM-prosjekta som gjekk inn var:

  • "The Protracted Reformation in Northern Norway", ved prosjektleiar Lars Ivar Hansen (IHR)
  • "Norges litterære stormaktsperiode", ved prosjektleiar Narve Fulsås (IHR)
  • "Transitivity Alternations in English and Norwegian: Experimental Investigations", ved prosjektleiar Gillian Ramchand (CASTL) 

FRISAM-prosjektetet var

  • "A life history of the etnos concept among the Peoples of the North", ved prosjektleiar David Anderson (IAS)

I tillegg fekk Kvinnforsk midlar over den ordinære FRIPRO-tildelinga før jul, med prosjektet "Mobile Lifestyles: Perspectives on Work Mobilities in the High North", ved prosjektleiar Siri Gerrard.

Fellesløftet

Fellesløftet er eit samarbeid mellom universiteta og Kunnskapsdepartementet, for å frigjera større ressursar til fri prosjektstønad (FRIPRO). Forskingsrådets årlege budsjett for slik fri prosjektstønad er såleis auka med 200 millionar kroner. Midlane er øyremerkt universiteta, og universiteta har sjølve avgjort kva for topprangerte søknader (med hovudkarakteren 6 eller 7) som skal realiserast gjennom Fellesløftet. Totalramma for FRIPRO for 2012 har vore på 720 millionar kroner.

Prosjekta som får midlar over Fellesløftet blir samfinansierte det enkelte universitet og Forskingsrådet.



Del på Facebook
Ledelse:
Universitetsledelsen og Universitetsstyret

Fakulteter:
Det helsevitenskapelige fakultet
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning
Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Det kunstfaglige fakultet
Det juridiske fakultet

Enheter under styret:
Tromsø Museum – Universitetsmuseet
Universitetsbiblioteket
U-vett
Nyheter:
Nyhetsportalen
Tavla
Nyhetsbrev
RSS-feeds

IT-brukerstøtte:
For studenter
For ansatte
For gjester


For studiesøkere:
Studiekatalogen
Studier og opptak
Velferdstilbud
Studentbyen Tromsø

For studenter:
Studiehverdagen
Studentorganisasjoner
Utveksling
Velferdstilbud
Karrieresenter

For publikum
Kart over campus
Tavla - hva skjer og hvor
HMS:
Helse, miljø og sikkerhet
Akutthjelp
Arbeidsmiljøutvalget
Bedriftshelsetjenesten
Verneombud

Søk:
Søk i telefonkatalog
Søk etter innhold
Universitetet i Tromsø - University of Tromsø - Romssa universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-post: postmottak@uit.no