Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
 
Institutt for lærerutdanning og pedagogikk/ Oahpaheaddjeoahpu ja pedagogihka instituhtta

Nordiske dialektar lansert på nett

I dag vart den første fellesnordiske dialektsamlinga på nett lansert under MONS - Møte om norsk språk - i Tromsø. For første gong kan du både høyre og sjå omlag 2,7 milliardar ord frå over 200 ulike nordiske dialektar på nettet.

Sigrun Høgetveit Berg  Opprettet: 24.11.2011 14.00  Sist endret: 25.11.2011 10.17

Det er 3. gong MONS-konferansen blir arrangert ved Universitetet i Tromsø, og fleire uttrykte glede ved å kunne lansere samlinga under MONS og i Tromsø. Direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, gratulerte alle språkforskarar med den nye databasen.

Vonen3 (640x441).jpg
Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen ynskte seg at
den nye nordiske dialektdatabasen fører til betre
nabospråksforståing
. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Dette er ein oversiktleg dokumentasjon av norsk og nordisk språkrikdom - som er lett å bruke, slo han fast.

- Vonaleg blir det også eit hjelpemiddel for betre forståing for og av den språklege variasjonen i våre naboland, som kan gje grunnlag for betre nabospråksundervisning og større nabospråkskunnskap.

Førebels mest tilrettelagt for forskarar

Nordisk dialektkorpus er ei elektronisk samling av lyd- og videoopptak frå over 200 stader i heile Norden, i første omgang med vekt på Noreg, Sverige og Danmark. Opptaka er transkriberte og datalingvistisk handsama, og ein kan såleis søkje både på ordformer og på grammatiske kategoriar, i tillegg til ulike former for ikkje-språkleg informasjon (kjønn, alder, geografi).

Databasen legg dessutan til rette for ei rekkje forskjellige måtar å handsame søkjeresultata i etterkant og er med det eit avansert verktøy for språkforsking.

Janne&Øystein (640x345).jpg
Janne Bondi Johannessen (UiO) og Øystein A. Vangsnes (UiT)
har vore sentrale forskarar i oppbygginga av dialektbasen.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Førebels er samlinga tilgangskontrollert av personvernomsyn og mest tilrettelagt for forskarar og andre fagpersonar. På sikt vil det bli utvikla ein delvis open versjon retta mot eit generelt publikum.

- Det er ein nettstad - og på ein stad kan ein som kjent vera. Lenge, kunne Endre Mørck, leiar for Institutt for språkvitskap, fortelja, etter å ha prøvebrukt basen nokre dagar.

Korpuset er eit resultat av det nordiske samarbeidsprosjektet Nordisk dialektsyntaks. Nettverket har vore leidd frå Universitetet i Tromsø, og forskargruppa ved Universitetet i Oslo har hatt hovudansvar for den tekniske utviklinga av korpuset og annan forskingsinfrastruktur.

- Tenk også fagpolitikk!

CurtRice (571x640).jpg
Prorektor Curt Rice mana språkforskarane til å
tenkje på fagpolitikk, ikkje berre fag.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Under opninga av MONS nytta prorektor for forsking og utvikling ved Universitetet i Tromsø, Curt Rice, høvet til å oppildne språkforskarane til også å tenkje fagpolitikk.

- Våre humanistiske fag er under konstant press, og stadig høyrer me om språkstudium som er nedleggingstruga. Me har måtta gjera det her i Tromsø. Mange av språkfaga er ein del av "småfagsproblematikken" ved universitet og høgskular, og me som forskarar må vera med i debatten om kor mange studieprogram i språk me skal ha i Noreg.

- Og eg spør ikkje etter kva me skal svare på det spørsmålet, men korleis. Dette treng me finne ut av for å overtyde kunnskapsministeren som igjen må overtyde finansministeren om kor viktig våre fag er. Ver med og ta vår sak ut i det offentlege rommet, ba Rice.



Del på Facebook
Forskning:
Finn forsker
Finn ekspertområde
Finn forskningsprosjekter
Finn forskningsgruppe

Utdanning:
Finn studieprogram
Finn emne
Finn yrke

Formidling:
Arrangementer
Nyheter
Nye doktorgrader - Munin
Utstillinger
Tromsø Museum - Universitetsmuseet
Universitetsbiblioteket


Om UiT:
Organisasjonen
Ledelse
Kontakt
Kart over campuser
Ledige stillinger
Fakta om UiT

Cookies på uit.no

Følg oss:

Målgrupper:
Høgskolen i Finnmarks gamle sider
Media
Næringsliv
Skole
Ansatte

Logo for Universitetet i tromsø
UiT Norges arktiske universitet - UiT The Arctic University of Norway - UiT Norgga árktalaš universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-post: postmottak@uit.no