Studentparlamentsmøtet 6. april
På Studentparlamentsmøtet 6. april vart Tine Bergli supplert inn i Studentrådet som følge av at tidligare leiar Henrik E. Riise trekte seg. Her vedtok SP og den vesle semesteravgiftsfordelinga
Som følge av at Henrik E. Riise trekte seg som leiar i Parlamentet før påske vart det avhelde suppleringsval på møtet 6. april. Nestleiar Åsne Ø. Høgetveit rykka opp som leiar, og studentparlamnetet valte Tine Bergli inn i Studentrådet. Der skal ho sitje ut juni. Som heilt ny i rådet, på tampen av perioden, er det mest administrative oppgåver ho vil få. Det politiske vil fyrst og fremst Claus Svensby og Åsne Ø. Høgetveit ta seg av.
På møtet vart og den vesle semesteravgiftsfordelinga vedteke. Det vart delt ut pengar til ei rekke studentorganisasjonar på universitetet. For å få vita meir om fordelinga kan du sjå på innkallinga og referatet frå møtet.
Det kom og opp ei sak på møtet, fremma av Sosialistisk studentlag (SSL), om at Studentparlamentet må bli grundig orientert om fusjonsplanane, og må ta eit standpunkt i saka.