Forskning ved Instituttet
Forskinga ved IPS representerer eit tverrsnitt av internasjonal psykologisk forsking. Kvalitativt så vel som kvantitativt har forskinga ved IPS utmerka seg. Forskingsprisen for Yngre Forskarar ved UiTø har tre gonger gått til forskarar ved IPS. Talet på publikasjonar i internasjonale tidsskrift er høgt. Tilsette ved IPS har ein stor internasjonal kontaktflate, og vi er representert i redaktørstaben til internasjonale tidsskrift. Forskarar ved IPS har jamleg forskingsopphald ved universitet i USA, Europa og Japan.
Sjølv om forskinga ved IPS har fått karakteristikken god til meget god, som den fikk i Noregs Forskingsråd si evaluering i 2003, så er ikkje dette nokon garanti for framtidig suksess. Instituttet har oppretta seks tematiske forskingsgrupper for å utvikle større prosjekt, og for å stille sterkare i konkurransen om ekstern finansiering. Instituttet ønskjer å utvikle større satsingar utan at dette fører til reduksjon av breidda i forskinga ved IPS.
Her finner du IPS sin forskningsstrategi .









