Eksport frå Pubmed
Spørsmål:
Korleis eksporterer eg referansar frå PubMed?
Svar:
Etter at du har søkt på eit emneord, eit forfattarnamn eller noko anna, må du haka av dei referansane du ønskjer å eksportera til EndNote. Deretter klikkar du på Send to (øvst eller nedst til høgre). Hak av for File under Choose Destination. Som format må du velja MEDLINE, og du kan eventuelt velja å sortera referansane. Klikk så på Create File og lagre fila på ein plass slik at du finn ho igjen, t.d. på skrivebordet eller i ei mappe under Mine dokument.
Gå til EndNote og vel Import frå File-menyen, eller ikonet til Import på verktøylinja. Klikk på Choose File og finn den fila du nettopp har lagra. Under Import Option klikkar du først på Other filters og deretter vel du PubMed (NLM).
Så klikkar du på OK, og då skal referansane bli importerte til databasen din.