Eksempel
For å gi eit inntrykk av korleis resultatet blir når ein bruker EndNote, har vi laga nokre eksempel som du vil finna på denne sida.
Dersom du er i tvil om EndNote er noko for deg, eller dersom du er nysgjerrig på korleis resultatet blir når du bruker EndNote, kan du sjå på ei eksempelfil i Word som vi har laga. I tillegg har vi laga ein prøvedatabase (databasefil og mappe) som inneheld nokre eksempel per referansetype (lover, forarbeid, avgjersler osb.), i alt 98 eksempel. For at databasen skal fungera, må både mappa og databasefila lastast ned. Mappa er komprimert. Denne må lagrast på ditt område før ho kan pakkast ut. Den utpakka mappa må deretter lagrast i same mappe som databasefila.
Ansvarlig for siden:
Sist endret: 26.08.2010