Kodefelt
Kodefeltet blir brukt for å sortera referanselista. Her får du veta meir om tankane bak og korleis du kan bruka feltet.
Litteratur- og kjeldelista i rettsvitenskapeleg litteratur blir sortert på ulike måtar, alt etter kva preferansane til forfattaren/forfattarane er. For å kunne sortera denne lista etter eige ønskje i EndNote har vi definert stilane for jus slik at referanselista (blir vidare brukt om både litteratur- og kjeldelista) blir sortert etter eit felt som heiter Kode. Opphavleg heiter feltet Label i EndNote. Feltet er ein del av alle referansetypane og må altså fyllast ut for at bibliografien skal bli sortert rett.
Det er best å bruka eit tal først i kodefeltet, eventuelt bokstavar (a, b, c osb.). Bruker ein berre kategorinamnet, blir referanselista sortert alfabetisk, dvs. at t.d. Forarbeid kjem før Litteratur. For å sikra at referanselista får den rekkefølgjen du ønskjer, råder vi derfor at du lager deg eit talsystem, eventuelt i kombinasjon med kategorinamn.
I prøvedatabasen for rettskjelder er følgjande inndeling brukt:
1 Litteratur 2.1 Norske lover 2.2 Forarbeid 2.3 Utredningar 3 Utanlandske lover 4.1 Publiserte avgjersler 4.2 Upubliserte avgjersler 4.3 Voldgiftsavgjersler 5.1 Utanlandske dommar 5.2 Utanlandske voldgiftsavgjørelser 6 EU/EØS-dommar 7 Traktatar/avtalar
Dette er berre eit forslag og mest meint som eksempel på korleis ein kan bruka dette systemet. Har du behov for findeling av utanlandske dommer, kan du t.d. gjera det på følgjande måte:
5.1 Nordiske dommar 5.2 Europeiske dommar 5.3 Verda for øvrig 5.4 Utanlandske voldgiftsavgjersler
Inndelinga i kategorier kan altså tilpassast behovet kvar einskild har. Her er det mange moglegheiter.
Når det gjeld kva referansetypar som skal leggjast i kva kategori, kan ein også avgjera det sjølv. I prøvedatabasen for rettskjelder er det gjort som følgjer (innanfor kvar kategori er referansetypane her satt alfabetisk; referanselista blir innan ein kategori sortert på forfattar/instans, deretter på år og til slutt på tittel):
1 Litteratur2.1 Norske lover
Avisartikkel Personlig melding Bok Rapport Del av bok Redigert bok Elektronisk dokument
Rundskriv Innlegg på konferanse Studentavhandling Internasjonalt dokument Tidsskriftartikkel Kontrakt Upublisert bok/artikkel Nettstad Uttale Periodicum Vedtak
2.2 Forarbeid
Norsk lov 2.3 Utredningar
Forarbeid/St.dok. Forskrift 3 Utanlandske lover
Utredning
4.1 Publiserte avgjersler
Utanlandsk lov
4.2 Upubliserte avgjersler
Publisert avgjersle 4.3 Voldgiftsavgjersler
Upublisert avgjersle 5.1 Utanlandske dommar
Voldgiftsavgjersle 5.2 Utanlandske voldgiftsavgjersler
Utanlandsk dom 6 EU/EØS-dommar
Voldgiftsavgjersle 7 Traktatar/avtalar
EU-EØS-dom
Traktat/avtale
Nokre av referansetypane burde kanskje heller vore plassert andre stader (gjeld spesielt nokre i kategorien 1 Litteratur), men i mangel av betre forslag har vi latt dei liggja i denne kategorien. Også denne oversikta er berre eit forslag/eksempel og kan endrast ved behov. Kvar enkelt står fri til å redigera stilane så mykje han/hun vil, og det gjeld også for sorteringa. Ønskjer du å sortera på tittel innanfor kvar kategori, kan du ordna det. Det er imidlertid ikkje mogleg å sortera kvar kategori på ein forskjellig måte; alle kategoriane må ha same sortering.