Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
Universitetsbiblioteket

Tilkoplingsfiler

Når du importerer referansar frå ein ekstern database via EndNote (Online search-funksjonen), bruker EndNote såkalla tilkoplingsfiler (connection files) for å laga samband mellom EndNote og den eksterne databasen. Det finst mange slike tilkoplingsfiler som følgjer med programmet.

Men du kan ikkje bruka alle tilkoplingsfilene utan vidare. For mange fagdatabasar krevst det brukarnamn og passord fordi ein må ha abonnement for å få tilgang. UB abonnerer på mange fagdatabasar. Vanlegvis, når du er på nettet, får du tilgang via IP-godkjenning. I og med at EndNote ikkje er online, må tilkoplingsfilene til desse databasane setjast opp på ein spesiell måte.

Lista nedfor inneheld tilkoplingsfiler til databasar der ein treng abonnement for å få tilgang. Nokre av tilkoplingsfilene finst i EndNote frå før, men utan dei rette opplysningane for brukarar ved UiT. Tilkoplingsfilene i lista nedfor her er sett opp på rett måte, slik at du kan ta dei i bruk utan å gjera noko med dei.

NB! Har du lasta ned EndNote X4 frå heimesidene våre, treng du berre å lasta ned tilkoplingsfiler med dato etter 01.09.2010.

EndNote X2/X3/X4: For at du skal kunna bruka desse tilkoplingsfilene, må du lasta dei ned til maskinen din. Vel dei databasane frå lista nedfor som du kjem til å ha bruk for, og klikk på lenka til høgre i lista for kvar tilkoplingsfil du ønskjer å lasta ned. Då får du valet om du vil lagra eller opna denne tilkoplingsfila. Vel opna. Viss du ikkje hadde starta EndNote enno, vil programmet bli opna no. Vel Save As frå File-menyen. Så kjem det opp eit nytt vindauge der du kan redigera namnet på fila. Du må gjerne fjerna "_", "[1]" og "Copy" frå namnet, slik at det ser litt penare ut. Klikk deretter på Save. Når fila er lagra, finn du ho i Online Search. Fila blir lagra automatisk i mappa EndNote|Connections under Mine Dokument. Dette er standardmappa for redigerte tilkoplingsfiler.

Viss du bruker EndNote X1, skal tilkoplingsfilene lagrast i følgjande mappe: EndNote X1|Connections som du vanlegvis finn under C:|Programfiler.

Etter at du har lagra desse tilkoplingsfilene, kan du opna EndNote og bruka Online search for å laga samband til desse databasane og importera referansar frå dei.

 Database  Dato oppdatert  Hent
 AMED 01.11.2009  AMED (OvidSP).enz
 American Bibliography of Slavic Studies 27.08.2010  Amer Bib Slavic Studies (EBSCO).enz
 American History and Life 27.08.2010  America Hist Life (EBSCO).enz

 Art Index

07.08.2006  Art Index (SP).enz
 ASFA Aquatic Sciences 10.09.2009  ASFA (CSA).enz
 ATLA Religion Database 12.02.2008
 ATLA (OvidSP).enz
 BIBSYS 01.11.2009  BIBSYS.enz
 Biological Abstracts
01.11.2009  Biological Abs (OvidSP).enz
 BioOne Full Text
07.08.2006  BioOne Full Text (CSA).enz
 CAB Abstracts - Food and agriculture
01.11.2009
 CAB Abstracts (OvidSP).enz
 CINAHL 01.11.2009  CINAHL (OvidSP).enz
 Ecology Abstracts 07.08.2006  Ecology Abs (CSA).enz
 EconLit 04.12.2009  EconLit (OvidSP).enz 
 EMBASE

01.11.2009

 EMBASE (OvidSP).enz
 ERIC 01.11.2009  ERIC (OvidSP).enz
 FRANCIS 01.11.2009  FRANCIS (OvidSP).enz
 GeoRef 01.11.2009  Pga feil hos Ovid er det dessverre ikkje mogleg å laga tilkoplingsfil til GeoRef
 Historical Abstracts 27.08.2010  Historical Abstacts (EBSCO).enz
 Index Islamicus 08.08.2006  Index Islamicus (CSA).enz
 INSPEC 01.11.2009  INSPEC (OvidSP).enz
 International Pharmaceutical Abstracts 01.11.2009  Intl Pharm Abs (OvidSP).enz
 International Political Science Abstracts 27.08.2010  Int Pol Sc Abstracts (EBSCO).enz
 Linguistics and Language Behavior Abstracts 07.08.2006  LLBA (CSA).enz
 LISA - Library and Information Science Abstracts 07.08.2006  LISA (CSA).enz
 MEDLINE 01.11.2009  MEDLINE (OvidSP).enz
 MLA 07.08.2006  MLA Bibliography (CSA).enz
 Oceanic Abstracts 07.08.2006  Oceanic Abs (CSA).enz
 Philosopher's Index 30.11.2009  Philosopher's Index (OvidSP).enz
 Pollution Abs 07.08.2006  Pollution Abs (CSA).enz
 PsycINFO

27.08.2010

 PsycINFO (OvidSP).enz
 Sociological Abstracts 07.08.2006  Sociological Abs (CSA).enz
 Zoological Record Plus 07.08.2006  Zoo Record Plus (CSA).enz

 

 


Ansvarlig for siden:
Sist endret: 16.09.2010


Del på Facebook
Forskning:
Finn forsker
Finn ekspertområde
Finn forskningsprosjekter
Finn forskningsgruppe

Utdanning:
Finn studieprogram
Finn emne
Finn yrke

Formidling:
Arrangementer
Nyheter
Nye doktorgrader - Munin
Utstillinger
Tromsø Museum - Universitetsmuseet
Universitetsbiblioteket


Om UiT:
Organisasjonen
Ledelse
Kontakt
Kart over campuser
Ledige stillinger
Fakta om UiT

Cookies på uit.no

Følg oss:

Målgrupper:
Høgskolen i Finnmarks gamle sider
Media
Næringsliv
Skole
Ansatte

Logo for Universitetet i tromsø
UiT Norges arktiske universitet - UiT The Arctic University of Norway - UiT Norgga árktalaš universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-post: postmottak@uit.no