Universitetet i Tromsø
Fakturamottak
NO-9019 Tromsø
Organisasjonsnummer
970 422 528
Biologisk materiale
Universitetsdirektøren har det overordna ansvaret for arbeid med biologisk materiale ved Universitetet i Tromsø. Personal- og økonomidirektøren tek i vare det daglege ansvaret som i desse retningslinjene er lagt til Universitetsdirektøren.
Universitetsdirektøren har eit spesielt ansvar i å sjå til at det interne regelverk for arbeid med biologisk materiale er i samsvar med/ føljer det eksterne lovverk.
Dersom det ved bruk av biologisk materiale har vore brot på gjeldande lovar og reglar, og dette gjentek seg etter skriftleg åtvaring, kan Universitetsdirektøren nekte prosjektet eller brukaren retten til å handtere dette. Andre sanksjonar kan og vere aktuelle.
Fakultetsdirektøren/høgskoledirektøren skal sjå til at bruken av biologisk materiale er i samsvar med / føljer det interne regelverket. Dersom fakultetet/høgskolen sine institutt har administrativ leiar, kan ansvaret, eller delar av ansvaret, førast over med instituttet som ansvarsområde. Dette skal i så fall vere skriftleg dokumentert i HMS-håndboka.