Universitetet i Tromsø
Fakturamottak
NO-9019 Tromsø
Organisasjonsnummer
970 422 528
Skråblikk frå psykologi
– Det er ei heilt naturleg utvikling at Institutt for psykologi flyttar frå eit samfunnsvitskapleg til eit helsevitskapleg miljø, meiner Magne Arve Flaten, instituttleiar ved Institutt for psykologi. Les fleire av Flaten sine betraktningar i forkant av fusjonen.
| Magne Arve Flaten, IPS. |
Av Magne Arve Flaten
Kva kan vi få til i Det helsevitskaplege fakultetet? 1. august vil Det medisinske fakultet, Avdeling for helsefag og Institutt for psykologi til saman utgjere Det helsevitskaplege fakultet ved UiT.
Nyskaping
Vi blir ei nyskaping i Noreg. Ikkje ved nokon annan utdanningsinstitusjon i landet er alle dei helsefaglege utdanningane samla. Difor er det stor interesse for denne nyskapinga også lenger sør. Fagmiljøa i Oslo, Bergen, Trondheim m.fl. ser hit for å sjå kva vi kan få til. Vil utdanning og forsking fortsette som før, eller kan vi skape nye emne, nye program, og tverrfaglege forskargrupper?
Kva kan vi ved Institutt for psykologi bidra med inn i det nye fakultetet? Psykologien studerer individet si oppleving og åtferd, i normale utval og hos personar som slit med problem. Eit viktig poeng i denne samanhangen er at psykologi ikkje er avgrensa til studie av personar med psykiske lidingar, sjølv om dette er hovudoppgåva for dei fleste psykologar som vi utdannar. Mykje psykologisk forsking utførast innan somatiske avdelingar, med pasientar med hjarte-/karlidingar og kreft, for eksempel, for å undersøke livskvalitet, lojalitet til behandlingsopplegget, og behandlingsrelatert åtferd, som røykeslutt, trening og kosthald.
Kan psykologiske faktorar som personlegdom, haldningar og forventing til behandling ha betyding for behandlingsresultat? Kan kommunikasjonen mellom pasient og den som behandlar ha betyding for kvaliteten på helsetenestene? Den påverkar i alle fall korleis pasientane opplever helsepersonell. Den er også viktig for at helsepersonell skal få mest mulig presis informasjon om pasienten sine plager. Dette er nokre av dei tema som vi her ved IPS arbeider med, og som kan ha interesse for andre enn berre psykologane i det nye fakultetet.
Kropp og sjel
Både kropp og sjel har plass i eit helsevitskapleg fakultet. All behandling har ei psykologisk side, både for pasient og for den som representerer helsevesenet. Den psykologiske sida kan i mange høve vere viktig, og då må vi ta omsyn til denne i forsking og undervising.
![]() |
| Bilete frå smerteforsking ved IPS. Foto: Maja Sojtaric |
Forskingssamarbeid
Her er store muligheiter for forskingssamarbeid på topp internasjonalt nivå. Mellom anna arrangerer Det medisinske fakultet og IPS, med støtte frå NFR og UiT, The 2nd International Conference on Imaging in Neuroscience her i Tromsø 10-11. september 2009, med 20 inviterte foredragshaldarar. Nettsidene for denne konferansen er snart klare.
Institutt for psykologi vil takke leiinga ved Det medisinske fakultet og ved Avdeling for helsefag for å ha vist stor velvilje og openheit i samband med opprettinga av det nye fakultetet. "Dette skal vi få til" har vore haldninga. Vi har følt oss velkomne i lang tid sjølv om fakultetet framleis er eit halvt år unna. Det er framleis viktige saker av administrativ og bemanningsmessig karakter som ikkje er avklart for IPS sin del i det nye fakultetet. Disse må på plass og krev mykje oppmerksemd. Vi må samtidig sette i gang arbeidet med dei faglege muligheitene det nye fakultetet gir oss. La oss bruke våren godt.
