Universitetet i Tromsø
Fakturamottak
NO-9019 Tromsø
Organisasjonsnummer
970 422 528
Informasjon for tilreisende undervisere
Eksterne må sjølv betala hotell-/flybillett og så senda reiserekning til oss. Ta gjerne kontakt med underteikna dersom du ønskjer forskot.
Val av flyselskap
Alle tilreisande er pålagde, så sant det er praktisk mogleg, å bruka Norwegian. Berre dersom val av Norwegian fører til ventetid på over to timar, eller ved manglande kapasitet, kan andre selskap brukast. Alle tilreisande er pålagde å reisa så raskt og rimeleg som råd.
Reisebyrået VIA Travel, tlf: 77 64 80 05 vil hjelpa deg med å finna dei rimelegaste alternativa for reise og overnatting.
Dersom du ikkje tingar overnatting gjennom VIA Travel, så har Universitetet i Tromsø avtale med kjedene Scandic (tlf. 77 75 50 00 ), Choice (tlf. 22 33 42 00) og Rica (tlf. 66 85 45 60). Det er viktig at du når du tingar seier frå om at du er ”gjest” ved Universitetet i Tromsø slik at den rette prisen for rommet blir registrert. Universitetet i Tromsø vil ikkje dekka kostnader til overnatting i Tromsø ut over satsen for ulegitimert overnatting eller dokumentert avtalepris med våre avtalehotell. Avtalane gjeld for all overnatting som skal dekkast/refunderast av Universitetet i Tromsø. Dekking av utgifter til overnatting ved andre hotell skjer berre når dei nemnde hotella er fullbooka, eller når det dreier seg om konferansepakkar ved andre hotell. Både reise og overnatting skal skje på rimelegaste måte innanfor universitet sine avtalar.
Krav til dokumentasjon
Om du bruker SCC/TPC-kort får du ei kvittering på epost etter at reisa er over, dette er godkjent som dokumentasjon. Om du bruker Norwegian og deira Bizzi-kort skal du gå inn på http://kundekort.norwegian.no/orderdoc.action og henta ut kvittering på reisa etter at ho er over. Dette er også godkjent som dokumentasjon. Om du tingar flybillett på nettet, eller bruker andre kort enn dei nemnde til reiser der du ikkje får kvittering, må du ta vare på setekvitteringa du får når du trekkjer kortet på veg inn i flyet. Du kan også sjekka inn i skranken for å vera sikker på å få ei stadfesting på reisa (og dermed unngå skattetrekk av beløpet!).