Universitetet i Tromsø
Fakturamottak
NO-9019 Tromsø
Organisasjonsnummer
970 422 528
KUNNSKAP OM SPRÅK
Språk er det mest essensielle ved det å vere menneske. Det går knapt an å forestille seg eit samfunn av menneske utan språk. Gjennom språket kodar vi kulturen vår og vi bruker det til å lagre og overføre kunnskap mellom kulturar og gjennom generasjonar.
![]() |
Av Øystein Vangsnes, språkforskar, CASTL |
Dei fleste tek språk for gitt. Det er som luft og vatn. Som mat og søvn. Og det er ikkje noko gale med det. Men på same måte som vi treng matprodusentar og ingeniørar som syter for reint vatn, vegar og annan fysisk infrastruktur, trengst det også fagfolk som har ein aktiv forståelse av kva språk er og korleis språk grip inn i kvardagen vår.
Språkkunnskapar er ei god investering
Behovet for språkkompetanse blir berre større og større i det moderne kommunikasjonssamfunnet der interaksjon mellom menneske i aukande grad skjer gjennom skriftlege medium, både på jobb og privat. Å skaffe seg større språkkunnskapar, for eksempel gjennom universitetsstudiar, er difor ei god investering for enkeltindividet.
For svært mange vil det vere avgjerande å kunne meistre andre språk enn norsk i jobbsamanheng. Alle veit at engelsk har verdsherredøme på dei fleste område innanfor næringsliv og forsking, og det faktum møter ein både innanfor og utanfor landets grenser: Det er få område innanfor handel og industri der marknaden i våre dagar er utelukkande nasjonal. Det å meistre engelsk godt er difor svært viktig for svært mange.
Men det finst også andre viktige språk på den globale marknaden. For oss i Noreg blir kompetanse i russisk meir og meir viktig: Det tek lang tid å opne ei grense som har vore nærmast hermetisk lukka i over 70 år, men med nordområdesatsing, aukande skipstrafikk over nordaustpassasjen og stadig meir samkvem med vår folkerike nabo i aust, aukar også etterspurnaden etter nordmenn som kan russisk: No trengst det meir enn spionar og diplomatar!
Spansk er elles eit uomgåeleg språk for alle som har samkvem med Latin-Amerika, og dette språket blir også meir og meir til stades i sørlege og vestlege delar av USA.
Kunnskap om heimlege framandspråk er også etterspurd. Dersom du søkjer deg jobb i kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet, er det ikkje noka ulempe med kompetanse i samisk språk. All norsk grense mot Finland ligg dessutan i Nord-Noreg, og i grenseoverskridande samarbeid med Finland, trengst det også norske borgarar som kan finsk.
![]() |
"Spansk er elles eit uomgåeleg språk for alle som har samkvem med Latin-Amerika, og dette språket blir også meir og meir til stades i sørlege og vestlege delar av USA." |
Språk som døropnar
Språk er menneskets fremste kulturberar, og gjennom språk får du innsikt ut over vår eigen snevre kultur. Både fransk og tysk språk har spelt ei viktig rolle i europeisk kulturhistorie, og for alle som vil forstå Europa, er dette framleis verdfulle språk å kunne.
Og sjølv berre litt kunnskap i eit framandspråk kan i mange samanhengar vere ein døropnar i samkvem med menneske frå andre kulturar. Det å kunne lese litteratur og aviser og høyre på samtalar på landets eige språk gir kvalitativt sett heilt andre innsikter enn om du er avhengig av omsetjing.
Det er enno langt fram til ein universaloversetjar lik Babel fish frå The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy – det veit alle som har prøvd ut Google Translate. Spørsmålet er uansett om det nokon gong – sjølv for menneske – er muleg å omsetja 100 % mellom to språk.
Så kan du spørje: Er det ikkje best å lære seg språk gjennom å dra til landet der det blir snakka? Er det nokon vits i å studere språk i Noreg? Det er ingen tvil om at praktisering av språk i sin naturlege kontekst gir god læringseffekt, men like fullt kan eit språkstudium heime gi ein solid og varig basis for vidare studiar og praksis ute.
![]() |
"Berre litt kunnskap i eit framandspråk kan i mange samanhengar vere ein døropnar i samkvem med menneske frå andre kulturar" |
Språkstudiar er aldri bortkasta
Og det er dessutan slik at gjennom systematiske studiar av eit anna språk, får du også auka forståing for sitt eige språk. Det å setje seg inn i grammatiske strukturar og pragmatiske konvensjonar i andre språk, krever refleksjon rundt korleis ditt eige språk er bygd opp. Av den grunn åleine er språkstudiar aldri bortkasta: Ei investering i eit framandspråksstudium er også ei investering i eige språk, i språkkompetanse generelt.
I det moderne kommunikasjonssamfunnet blir viktigheita av språk aksentuert. Ein større og større del av alle arbeidstakarar er blitt tekstprodusentar i større eller mindre grad, og språkkompetanse i både norsk og framandspråk trengst meir enn nokon gong før. Det finst få snarvegar til godt språk og gode tekstar. Godt språk er også eit handverk som må lærast.
Følg Øystein A. Vangsnes på Forskning.no og Twitter.
Om du vil skrive på forskerbloggen, ta kontakt med Torjer A. Olsen, telefon 77646211.
Tidligere blogger:
Tid for nidartur - og mer kunnskap om nordnorske etnolekter, av Åse Mette Johansen, IS.
Kunnskap om språk, av Øystein Vangsnes.
Å representere religioner på kart, av Suzanne Thobro.


