Universitetet i Tromsø
Fakturamottak
NO-9019 Tromsø
Organisasjonsnummer
970 422 528
Rekrutteringsstillingar

Rekrutteringsstillingar er eit viktig verkemiddel for å nå måla i Universitetet i Tromsø sitt strategidokument. Stipendiatstillingar er eit viktig ledd i doktorgradsutdanninga, og doktorgrad er eit krav for tilsetjing som førsteamanuensis. Kvar stipendiatstilling er såleis ein studieplass. I 2008 var 270 av dei 625 ph.d.-studentane ved UiT finansierte innafor universitetet si budsjettramme. Postdoktorstillingane er eit sentralt verkemiddel for å gi doktorar høve til å kvalifisera seg til faste vitskaplege stillingar. Universitetsstyret har valt å fordela rekrutteringsstillingane sentralt for å gi universitetsleiinga høve til strategisk styring av verksemda. Dei vert fordelte for ein periode om gangen, 4 år for stipendiatstillingar og 3 år for postdoktorstillingane. Stillingane går til sentral fordeling igjen når finansieringsperioden har gått ut. Dei siste åra har rekrutteringsstillingane dels vore tildelt strategisk, dels har dei vore nøkkelfordelt. | Tildelingar 2010 I Universitetsstyremøtet 08.12.2009, Sak S 94-09, refordelte ein 44 stipendiatstillingar; 19 stillingar vart strategisk fordelte, og 25 stillingar vart nøkkelfordelte. Vidare vart 18 postdoktorstillingar refordelt; 9 av dei strategisk, og 9 nøkkelfordelt. For nøkkelfordelinga nytta ein i år andel disputasar som fordelingsgrunnlag. Dette skulle både premiera god studiegjennomføring og fakulteta sin innsats når det gjeld ekstern finansiering. Sjå nyheittssak for detaljar. Ved førre tildeling, 20.11.2008, vart 33 stillingar refordelte - 21 vart strategisk fordelt og 12 nøkkelfordelt. |