Ny termliste
Kvar ny EndNote-database får standard tre termlister knytte til seg: forfattar, tidsskrifttittel og emneord. Desse tre termlistene har allereie lenker til dei rette felta. Du kan også laga di eiga termliste. Dette kan vera lurt når du ofte må skriva inn same informasjon i eit felt, t.d. utgivar. Har du ei termliste knytt til dette feltet, sparer du både tid, på grunn av automatiske forslag, og du blir konsekvent i namneformene.
For å oppretta ei ny termliste vel du Define term lists frå Tools-menyen. I neste vindauge klikkar du på Create list og gir eit namn til lista. Klikk OK.
Berre hak av for Journal list viss du vil laga ei termliste med tidsskrifttitlar og forkorta titlar.
For at denne termlista skal kunna oppdaterast automatisk, må du lenka ho til eitt eller fleire felt. Klikk på knappen Link lists nedst til høgre i termlistevindauget. Då får du opp følgjande vindauge:
I dette vindauget ser du kva felt som er lenka til dei ulike termlistene i den aktuelle databasen (jf. den raude ovalen i biletet ovanfor). Her kan du t.d. lenka utgivarfeltet til den nyoppretta termlista (jf. det vesle vindauget ovanfor).
Ei termliste kan lenkast til fleire felt samtidig, men eitt felt kan berre knyttast til ei termliste.
Etter at du har oppretta ei ny liste og lenka ho til eitt eller fleire felt, kan du importera eksisterande lister med termar til den nye termlista (sjå Importera termar til ei liste) eller du kan leggja til termar manuelt (sjå Leggja til ny term i termliste manuelt). Du kan også velja å oppdatera lista på bakgrunn av termar som du allereie har brukt i det feltet/dei felta i referansar i databasen din (sjå Manuell oppdatering av termliste).