Automatisk forslag til term
Det finst ein funksjon i EndNote som gjer at det automatisk blir foreslått ein term når du skriv noko i eit felt som er knytt til ei termliste. Standard er denne funksjonen slått på. Du vil sjå at kvar gong du t.d. skriv inn eit forfattarnamn, vil EndNote komma med forslag til namn. Forslaget er det nærmaste som liknar på det du held på å skriva. Trykk Enter eller TAB for å godkjenna den foreslåtte termen. Ver merksam på at Enter samstundes gir ei ny linje, mens TAB flyttar markøren ned til neste felt. Bruk backspace-tasten på tastaturet for å avslå eit forslag. Ved å bruka opp- og ned-pil på tastaturet kan du bla i forslaga.
Som sagt, denne funksjonen kan også slåast av. Vel Preferences frå Edit-menyen og deretter Term lists. I høgre del av vindauget tar du bort haken for Suggest term as you type.
Sjølv om du har slått av dei automatiske forslaga, kan du likevel bruka termlister til å setja inn ein eller fleire termar i ein referanse. Då må du først opna ein referanse og setja markøren i rett felt og på den plassen der termane skal setjast inn. Gå deretter til Tools-menyen og Open term lists og vel den ønskte termlista. Marker ein eller fleire termar og dobbelklikk på dei for å setja dei inn i referansen.
For å markera fleire termar held du Ctrl-knappen nede mens du klikkar på dei ulike termane. Vil du markera alle termane, trykkjer du Ctrl+a.