Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
Universitetsbiblioteket

Manuell registrering

Først må du opna ein ny referanse ved å klikka på ikonet New Reference på verktøylinja i databasevindauget, eller vel New reference frå References-menyen. I referansevindauget som kjem opp no, vel du først referansetype. Dersom du legg inn ein referanse til ei bok, vel du Book; viser referansen til ein tidsskriftartikkel, vel du Journal Article og så vidare. Så kan du byrja å skriva inn opplysningane.

EndNote OBSDet er veldig viktig å velja rett referansetype. Det har store konsekvensar for litteraturlista. Det er t.d. stor skilnad mellom ein forfattar (referansetype Book) og ein redaktør (referansetype Edited book). Så ver nøye når du registrerer referansar manuelt.

Du flyttar deg mellom felta med TAB-tasten (neste felt) og SHIFT+TAB (førre felt), eller du klikkar med musa i det feltet du vil skriva i.

Når det gjeld forfattarnamnet, kan du skriva det på to måtar:

  • Fornamn Mellomnamn Etternamn: EndNote oppfattar siste namnet som etternamn.
    T.d.: Jonas Gahr Støre.
  • Etternamn, Fornamn Mellomnamn: EndNote oppfattar det som står framfor komma som etternamn.
    T.d.: Støre, Jonas Gahr.

EndNote TIPSDersom du skal leggja inn eit namn med prefiks (t.d. "Le" eller "Da") som namnet skal sorterast på, eller eit utanlandsk namn med to etternamn (t.d. Carlos Ruiz Zafón), rår vi til å leggja inn namnet med etternamn først, så komma og fornamn og eventuelt mellomnamn. Resultatet i litteraturlista blir som følgjer (i standard Author-Date stil):

Le Carré, John (2006). Den evige gartner. Oslo, Bokklubben.
Ruiz Zafón, Carlos (2008). Engelens spill. Oslo, Gyldendal.

EndNote OBSDersom ein referanse har fleire forfattarar, skal kvar forfattar stå på ei ny linje (gi ENTER mellom namna). Elles oppfattar EndNote namna som eitt namn, og det blir berre kaos i litteraturlista.

For institusjonsnamn/organisasjonsnamn i forfattarfeltet er det eit par ting du må passa på (desse tinga gjeld altså ikkje for Publisher-feltet):

  • Når eit institusjonsnamn består av fleire ord, må du skriva namnet rett fram og avslutta med eit komma. Då vil ikkje EndNote behandla namnet som eit vanleg forfattarnamn, og det vil ikkje bli forkorta.
    T.d.: Universitetet i Tromsø,
  • Når eit institusjonsnamn består av fleire ord og inneheld eit komma, må du skriva to komma etter kvarandre. Første komma fortel EndNote at namnet ikkje skal behandlast på vanleg måte, og andre komma indikerer at det ikkje er eit "fornamn", men eit tillegg til namnet.
    T.d.: Universitetet i Tromsø, , Universitetsbiblioteket

Denne måten å registrera institusjonsnamn på, gjeld altså berre for forfattarfeltet (evt. redaktørfeltet). I Publisher-feltet kan du skriva namnet på vanleg måte

Slik held du fram med å leggja inn dei opplysningane du har.

EndNote OBSNår det gjeld undertittel i Title-feltet, må du sjølv vera konsekvent i registreringa. Slik du skriv det inn i feltet, vil det visast i litteraturlista. EndNote kan ikkje kontrollere dette feltet for deg.

I felta Abstract og Notes er det plass til så mykje tekst som tilsvarer omtrent 10-12 sider (64 K).

EndNote TIPSFeltet Notes blir brukt av EndNote ved import frå eksterne databasar, og det blir fort mykje (irrelevant) informasjon i dette feltet. Derfor rår vi til å bruka feltet Research Notes til personlege notatar om referansen. Du kan skriva kva du måtte ønskja i dette feltet.

I feltet File Attachments kan du leggja ved ei fil til referansen. Dette er kanskje spesielt aktuelt for tidsskriftartiklar. Det er det same kva for filtype det er, til dømes ei Word- eller Excel-fil eller pdf-fil. Føresetnad for å kunna bruka denne funksjonen er at fila er lagra på datamaskinen din eller eit lagringsområde du når frå maskinen din.

For å leggja ved ei fil er det enklast å høgreklikka (uansett kor du står i referansevindauget) og velja File Attachments og deretter Attach File. Så må du finna fram til plassering av fila. Dobbeltklikk deretter på filnamnet. Då vil du sjå at eit ikon med filnamnet under kjem til syne i feltet File Attachments. Når du har haka av for "Copy this file to the default file attachment folder and create a relative link" i det vindauget der du valde fil (det er standard haka av for dette), vil fila no vera ein del av databasen din. Kopierer du databasen og bruker han på ein annan datamaskin, vil du framleis ha tilgang til denne fila.

Eit utfylt referansevindauge ser t.d. slik ut:

EndNote X4 Manuell registrering.jpg 

For å lagra referansen lukkar du vindauget ved å klikka på krysset øvst til høgre i referansevindauget. Det finst ingen lagringsknapp i EndNote. Når referansen er lagra, finn du han att i databasevindauget, vist i kort form.

Viss du ønskjer å redigera ein referanse, dobbeltklikkar du på han i databasevindauget. Då blir referansevindauget opna, og du kan leggja til eller endra opplysningar. Du vil no også sjå nedst til venstre i vindauget når referansen blei registrert i databasen din, og når han blei oppdatert sist. Lukk vindauget når du er ferdig, for å lagra endringane.

 


Ansvarlig for siden:
Sist endret: 15.09.2010


Del på Facebook
Forskning:
Finn forsker
Finn ekspertområde
Finn forskningsprosjekter
Finn forskningsgruppe

Utdanning:
Finn studieprogram
Finn emne
Finn yrke

Formidling:
Arrangementer
Nyheter
Nye doktorgrader - Munin
Utstillinger
Tromsø Museum - Universitetsmuseet
Universitetsbiblioteket


Om UiT:
Organisasjonen
Ledelse
Kontakt
Kart over campuser
Ledige stillinger
Fakta om UiT

Cookies på uit.no

Følg oss:

Målgrupper:
Høgskolen i Finnmarks gamle sider
Media
Næringsliv
Skole
Ansatte

Logo for Universitetet i tromsø
UiT Norges arktiske universitet - UiT The Arctic University of Norway - UiT Norgga árktalaš universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-post: postmottak@uit.no